Ein stor milepel!

Grunnsteinsnedlegging i den nye kyrkja!

Grunnsteinsnedlegging Foto: Nordhordland

DRAUMEN ER I FERD MED Å BLI VERKELEGHEIT sa Astrid Aarhus Byrknes
Ein gledeleg dag, 15. september 2013, då grunnsteinen vart nedlagt i det som skal bli Knarvik kyrkje. Det var eit høgtideleg sus over denne historiske markeringa. Helge Tangen, leiar av byggjekomiteen, leda kyrkejlyden i prosesjon frå Misjonshuset og opp til nye-kyrkja, der klokka ringte inn til den aller fyrste gudstenesta i det som skal bli eit signalbygg for Knarvik-bygda.
Skulemusikken spela, og Alversund kammerkor song under gudstenesta. Biskop Halvor Nordhaug seier i sin tale at dette er ein festdag for oss alle – i dette monumentet, bygd i sjølve indrefileten i Knarvik! Born frå Singsingeling var til god hjelp då grunnsteinen skulle støypast ned – stor stas!
Soknerådsleiar, Øystein Aamli, avslutta gudstenesta med eit ynskje om at den nye kyrkjelyden skal nå ut med breidde til fleste mogeleg.

Under kyrkjekaffien i Nordhordlandshallen, fekk dei mange frammøtte høyra Gospelkoret synga, og det kom mange flotte ord frå talarstolen. Ordførar Byrknes kom med den store gledelege meldinga om at Trond Mohn ynskjer å finansiera orgelet i kyrkja!

Alversund sokneråd ynskjer å takka alle som har deltatt på kvar sin måte – DU betyr mykje for fellesskapen og for soknet.

Grunnsteinsnedlegging

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *