Konsert til inntekt for Flyktninghjelpen

Fredag 13. november vert det invitert til konsert i Knarvik Kyrje til inntekt for Flykninghjelpen. Vi byr på eit veldig bra program, med dyktige, lokale artistar som alle stiller opp gratis for ei god sak.

Artistane som deltek er: Anne Hvidsten, Hanne Vatnøy, Gillian Gjelsvik Band, May Sissel Rismyhr Jansen, Silje Spurkeland, Øyvind Aase, William Kay og Kjersti Wiik + kor. I tillegg medverkar Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes og Leif Sleire, medan Håvard Giezendanner er kveldens konferansier.

Billettar vert seld i døra frå klokka 19.00, og kostar 200 kroner per stykk. Alle billettinntekter går uavkorta til Flyktninghjelpen.

Vi håper akkurat du vil få få med deg denne flotte konserteopplevinga, og samstundes støtta ei god sak!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *