Stor suksess med tverrkyrkjeleg samarbeid!

Strilen skriv måndag om stor suksess med tverrkyrkjeleg samarbeid på sundag.
«Det var i alt elleve ulike menigheiter i Nordhordland som stod bak arrangementet, som det tverrkyrkjelege fellesskapet LederForum Nordhordland har teke initiativ til.

– Me ville skapa noko nytt og heilt annleis, noko me aldri ville gjort viss me var kvar for oss, seier pastor i pinsekyrkja Betanien, Anton Heggvik før gudstenesta.

– Me har prøvd å tenkja kva me kan laga saman. Det er ein utfordring å laga noko som alle kan trivast med, så dette blir spanande, meiner han.

Fylte heile kyrkja
Det viste seg å verta ein knallsuksess, og kvar stol i heile lokalet var teken. Dermed vart mange ståande bakarst for å få gudstenesta med seg, og fleire våga seg fram i trappa på presten sitt initiativ.

– Me tenkte at med årets finaste helg skal det litt til for at mange kjem, men der tok me grundig feil, seier prest Geir Øy med eit smil før han og Cecilie Grøttveit leiar gudstenesta.»

Les heile artikkelen i Strilen.

Knallverpresten skryter på Facebook av gudstenesta
Knallverpresten skryt av gudstenesta på Facebook

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *