Fann omtale av Knarvik kyrkje på USA-fly

I flysetet på veg over Atlantaren kom den amerikanske arkitekten over eit magasin med store bilde av Knarvik kyrkje. Det resulterte i besøk i kyrkja vår.

Saka handlar om ei internasjonal arkitektturutstilling i Venezia i Italia der bilde av Knarvik kyrkje i desse dagar vert viste fram.

Gjennom omtalen du ser kopi av under fekk arkitekten og kona lyst til å besøkja kyrkja vår. Etter å ha kontakta Reiulf Ramstad Arkitekter vart det ordna med omvising i kyrkja i regi av leiar av byggenemnda for kyrkja, Helge Tangen. Og amerikanarane var strålande nøgd med det dei såg i Knarvik.

Det er ikkje første gongen langvegsfarande kjem for å sjå Knarvik kyrkje, og vi er glade over at mange kjem til kyrkja vår, både fjern og nær. Ta gjerne turen innom du også! I sommar er det gudsteneste i Knarvik kyrkje søndagane 17. juli, 24. juli og 7. august kl. 11.00 ved sokneprest Geir Øy. Då er det sjølvsagt også råd å få seg ein ekstra titt rundt i det flotte bygget, der arbeidet med å få i stand kjellaretasjen etter planen vil starta utpå hausten.

Kopi frå flymagasin, Knarvik kyrkje

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *