Ville vore lenger på konfirmantleir

60 konfirmantar var 20.-22. januar samla på leir i Sætervika. For mange var dette første møtet med leirlivet, og det gav meirsmak.

Undervisning, bønnevandring, korssamling og gudsteneste, i tillegg til ulike aktivitetar, ballspel, leirkveld og anna moro gjorde at stemninga var god i leiren.

Etter innkvartering og pizza, var det fokus på bøn på fredagsamlinga. Laurdag var Gud og Den heilage ande tema på fellessamlingane, medan det blei jobba med gudstenesteplanlegging i ulike grupper. «Gud står der med opne armar», «Det er alltid råd og koma tilbake», «Raushet» og «Nåde» var nokre av konfirmantane sine oppsumeringar etter å jobba med forteljinga om Den bortkomne son.

Laurdagskvelden gjekk kiosken tom for brus og enkelte andre søtsaken før gjengen benka seg til «TV-kveld». Leirkveldkomiteen  inviterte nemleg til deltaking i både «Beat for beat», «Farmen» og «Skal vi danse». Stor innleving, utkledning, engasjement og latter  både frå konfirmantane og dei ni leiarane i alderen 16-68 år.

Då søndagen kom og bussen stod klar til heimreise var det ein flott gjeng 14-15-åringar som gjerne kunne vore lenger på leir.

– Minst ein dag.

– Dette var jo alt for kort. Leiren skulle vore ei heil veke.

Takk for ein flott leir, alle saman 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *