Kyrkjekontakten i ny drakt

I næraste framtid får du eit nytt nummer av Kyrkjekontakten i postkassen der mykje er nytt. Les meir om endringane her.

Seniorprest Bjørn Moe, kyrkjeverje Anne Sofie N. Uthaug og sokneprest Geir Øy er glad for å kunne presentere dei nye blada. Tre kyrkjeblad i Nordhordland har gått saman om å fornya blada. Dette er «Kyrkjegløtten» for Osterfjorden og Mo, «Kontakt» for Meland og «Kyrkjekontakten» vår i Alversund, Knarvik, Lygra og Seim. Fellesredaktør er Johanna Hundvin Almelid, journalist i Dagen. Grafikaren heiter Lisa Landvik.

Blada vil framleis ha sitt lokale særpreg og heite det same, men nokre sider vil vera felles. Vi voner du set pris på det nye bladet! God lesing!

2 tankar om “Kyrkjekontakten i ny drakt”

  1. Hei. Jeg har ikke fått det nye bladet i min postkasse.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *