Festspel-konsert i Knarvik kyrkje

Knarvik kyrkje står i år på det offisielle festivalprogrammet til Festspela i Bergen. Konserten 27. mai kl. 13.00 er av ypperste kvalitet med fantastiske musikarar og eit veldig spennande program, seier kantor Odd Leif Mjøs.

Strykeorkesteret Kremerata Baltica spelar i Knarvik kyrkje 27. mai. Foto: Paolo Pellegrin.

Orkesteret Kremerata Baltica kjem til Knarvik søndag 27. mai kl. 13 med eit forrykande musikalsk program. Til kyrkja vår kjem også den unge og svært anerkjende fiolinisten Sonoko Miriam Welde frå Bergen. Det unge orkesteret spelar verk av den litauiske komponisten og renessansemennesket Mikalojus Konstantinas Ciurlionis, som i løpet av sitt korte liv rakk å skapa nesten 400 musikalske verk og like mange maleri.

Den bergenske fiolinisten Sonoko Miriam Welde kjem også til Knarvik kyrkje. Foto: Liv Øvland.

Opplev årstidene i Buenos Aires

Programmet fortset med Mendelssohns Oktett i Ess-dur, som er blitt kalla eit av 1800-talet sine musikalske mirakel. Til sist får publikum ei oppleving av årstidene i Buenos Aires. Orkesteret Kremerata Baltica framfører Piazzollas Cuatro Estaciones Porteñas, også kjend som «Buenos Aires» fire årstider». Piazzolla, den moderne tangoen sin stormeistar, kombinerte tangoen sin gnistrande lidenskap med den klassiske musikken sine uttrykk. «Årstidene» blir rekna som hans mest ambisiøse verk.
Fiolinisten Sonoko Miriam Welde er solist med orkesteret, og er sentral i årets festspelprogram både som Crescendo-musikar og ein av Norges mest markante unge instrumentalistar.

– Ein unik sjanse

– Det er stor stas å få Festspela til Nordhordland med konsert i Knarvik kyrkje som ein del av det offisielle festivalprogrammet, fastslår Odd Leif Mjøs. Organisten gler seg veldig til å oppleva ein konsert av ypperste internasjonal kvalitet med fantastiske musikarar og veldig spennande program.
– Dette er ein unik sjanse til festspel på Strilelandet, ei musikkoppleving som publikum ikkje vil gløyma. Eg håpar det vert full Knarvik kyrkje og at Festspela vil inkludera Nordhordland i vidare planlegging, seier Mjøs.

Billettar kan kjøpast her eller i døra før konsertstart i Knarvik kyrkje søndag 27. mai kl. 13.00.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.