Cash-messe

 

Johnny Cash og musikken han framførte vil stå i fokus under kveldsgudstenesta i Knarvik kyrkje søndag 30. september kl. 19.00. Velkommen til ei gudsteneste utanom det vanlege.

Denne kvelden er det songar som «Daddy sang bass», «Peace in the walley» og «Just a closer walk with Thee» som fyller kyrkja vår.

Håp og trøyst

Andreas Sagstad Berg er ein av initiativtakarane og har eit nært forhold til «mannen i svart». Til trass for sin relativt unge alder, har han spelt og sunge Cash i mange år.

– Johnny Cash var opptatt av å gje menneske håp og trøyst i vanskelege situasjonar. Han var av dei første som hadde konsertar og spelte inn plate i fengsel: «At Folsom Prison». Det viser at han brydde seg om dei svake, seier Sagstad Berg. Til gudstenesta er det vald ut låtar som formidlar nettopp håp og trøyst. Dette vil visa andre sider av artisten enn dei som kanskje er kjent for mange og mest tydelege i til dømes filmen «Walk the Line».

– Cash kom sjølv frå stusselege kår og hadde eit liv fylt av både oppturar og nedturar. Han sleit med mange ting, men fekk sjølv oppleva nåden. Han var så ekte, ærleg og audmjuk i formidlinga si gjennom musikken, seier Sagstad Berg som gler seg stort til å vera med på Cash-messa.

Felix med

Han er sjølv med i bandet som dei siste vekene har spelt seg gjennom ei rekkje låtar som den amerikanske artisten spelte inn på 50 og 60-talet. No ser han fram til å få lov å synga ein av favoritt-artistane sine songar for både faste kyrkjegjengarar, Cash-fans og andre interesserte.

Bandet har også fått med seg ei gruppe koristar i Felix Vocalis frå Meland til å bidra denne kvelden. Frå kyrkjeradene kan du både få lytta og synga med.

Prest Torbjørn Sæle leier gudstenesta og nattverdfeiringa og vil preika over bibeltekstar som Cash tonesette. Etter kveldsgudstenesta vert det som vanleg servert kyrkjekvelds på kyrkjetorget.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.