Velkomen, Helge!

Søndag 19. august kl. 19 er det innsetjingsgudsteneste for Helge Taranrød i Knarvik kyrkje. Biskop Halvor Nordhaug deltek saman med mange av prestane i prostiet. Viljar Bjørsvik Rath og forsongarar frå Alversund kammerkor er med. Det er nattverd og bønevandring. Etter gudstenesta blir det servert kyrkjekvelds. Velkommen!

Vi ønskjer Helge Taranrød velkomen som ny prost i Nordhordland. Han vil ha kontor i Knarvik kyrkje.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.