Nyttårsfest for ungdom

På nyttårsaftan blir det for første gong invitert til nyttårsfest for ungdom i kyrkjekjellaren i Knarvik. I år blir det også gudsteneste i kyrkja ved overgangen til det nye året.

På programmet står god mat, rikelig med snacks, artige leikar og topp underhandling. Midnattsmessa i kyrkjerommet kl. 23.00 inngår også som ein del av programmet. Gudstenesta er open for alle i alle aldrar og er ferdig før midnatt. Nyttårsfesten held så fram inn i det nye året!

Påmelding til ungdomsarbeidar Einar Reite, sms 47 30 29 28. Betaling ved inngang. Spørsmål kan til Einar, trusopplærar Helle Kartveit og spesialprest Torbjørn Sæle, som alle vil vera med på nyttårsfesten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.