Ny kyrkjeverje i Alver

John Fredrik Wallace er tilsett som kyrkjeverje i det nye samanslåtte Alver kyrkjelege fellesråd. Han tek til i stillinga 12. august. Det nye fellesrådet trer i kraft samtidig som Alver kommune 1.1. 2020.

Wallace arbeider no som næringsrådgjevar i Meland kommune og dagleg leiar i Meland utbyggingsselskap AS . Han har utdanning i samfunnsøkonomi og leiing og brei arbeidserfaring i leiarstillingar, mellom anna frå Vestfoldsmusea, Buskerud fylkeskommune og Nøtterøy sparebank.

Kyrkjeleg fellesnemnd, som har tilsett han, er nøgd med å ha fått ein person med allsidig leiarerfaring innan ulike område til å leie prosessen med å samle tre fellesråd til eitt, seier leiar Grethe Lunde. Wallace bur i Hillandsfeltet, er gift og har to vaksne barn og er ein aktiv frivillig medarbeidar i Den norske kyrkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.