Påskegudstenester med NRK

Denne påska har vi vi gleda av å feira gudstenester i Knarvik kyrkje saman med tv-sjåarar og radiolyttarar over heile landet.

Frå venstre sokneprest Geir Øy, spesialprest Torbjørn Sæle og seniorprest Magne Bjørndal er alle i aksjon under NRK-gudstenestene i påska.

Her finn du påskeprogrammet for NRK med meir om gudstenestene nedst i saka.

Les meir om påskegudstenestene i open sak i Avisa Nordhordland.

Familiegudstenesta på palmesøndag vert vist på NRK 1 og NRK P1 palmesøndag 14. april kl. 11. Den kan du også sjå her.

Langfredagsgudstenesta vert vist på NRK 1 og NRK P1 langfredag 19. april kl. 11. Den kan du også sjå her.

Påskedagsgudstenesta vert vist på NRK 1 og NRK P1 1. påskedag 21. april kl. 11. Den kan du også sjå her.

NB: Vi tek også med desse påskegudstenestene som vert utan NRK:

Skjærtorsdag 18. april kl. 19.00: Gudsteneste i Knarvik kyrkje.

Langfredag 19. april kl. 11.00. Gudsteneste i Seim kyrkje.

1. påskedag 21. april kl. 11.00: Gudsteneste i Meland kyrkje, Lindås kyrkje, Ostereiedet kyrkje og Manger kyrkje.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.