Kva gjer ein spesialprest?

Foto: Arthur Kleiveland, Nordhordland

Eg har fått spørsmålet mange gongar. Og eg har lurt på kva eg skal svara. Les vidare og eg skal fortelja om den første tida i ny stilling som spesialprest i Nordhordland.

Etter at flyttelasset kom frå Oslo og eg begynte i jobben i midten av april, har eg allereie hatt mange hyggelege møter. Først med staben eg deler kontor med i kyrkjelydshuset i Alversund og dei tilsette ved fellesrådskontoret i Lonsvegen. Saman med sokneprest Geir Øy har eg besøkt ungdomssatsinga Salto i Knarvik senter, vore på Trafikksikkerheitsdag for ungdom i og ved Knarvik kyrkje, og starta planlegginga av neste års konfirmantopplegg og gudstenestene framover. Eg har treft på engasjerte leiarar i barnekor og søndagsskule og møtt ein god gjeng frå sokneråda i Alversund, Seim og Lygra. Som spesialprest for barn, ungdom og unge vaksne i desse tre sokna er det mange og varierte arbeidsoppgåver i vente. Blant anna i kyrkjekjellaren i Knarvik som vi håpar skal stå klar til jul. Det blir stas! Her er det mykje spennande å sjå fram til.

– Når kyrkjekjellaren står klar blir det kanskje den viktigaste arbeidsplassen din, sa prost Geir Sørebø i si helsing på kyrkjekaffien etter innsetjingsgudstenesta i Knarvik kyrkje 24. april.

Eg er takknemleg for den gode velkomsten mange av dykk gav kona mi Stine Karin og meg under den gudstenesta som du lesa meir om i Strilen og Avisa Nordhordland  (abonnement)

I løpet av mai ser eg fram til å få halda gudstenester både i Seim, Lygra og Knarvik kyrkje med dåp og nattverd, konfirmasjon og 17.mai-feiring. Eg kjem også til å møta nokre av vårens brudepar.

Innimellom dette har eg tenkt å i alle fall få meg ein tur på Stadion og forhåpentlegvis sjå Brann vinna. Eg har også planar om å korta ned på stabelen med banankassar og mala vidare i huset i Knarvik før eg rekk å bli eit år eldre – som eg har for vane å bli på denne tida av året. Så, kom mai du skjønne milde. Eg er klar for å møta deg til kvardag og fest!

Og du, bli gjerne ven med «Spesialprest Torbjørn» på Facebook! Ser deg plutseleg i ei av kyrkjene våre!?