Berre 1 dag igjen!

BT sin journalist, Jan M. Lillebø har teke bilete
Foto: BT sin journalist, Jan M. Lillebø

Kyrkja vert lagt merke til, og dagen før dagen er det NRK og BT som har lagt ut to flotte reportasjar på nett. Journalistene har teke seg god tid til å fanga små detaljar av den flotte kyrkja. Me gler oss til vigsling i morgon klokka 11 og resten av festveka.

Her finn du reportasjen som BT har skrive for nett, og den kan du óg finna att i papirutgåva 29.11.14.

NRK var på plass i går og filma førebuingane til morgondagens vigsling. Du kan gå til  reportasjen her, eller ved å klikka på bilete under.

Lenke til reportasje fra NRK

 

 

Snikopning for dei yngste

Laurdag snikopna Knarvik kyrkje for 4- og 5-åringar, til teaterframsyninga Kirkerottene! Rundt 150 personar møtte til teateret, som er ein del av trusopplæring i Lindås.

Morten Sæle tok nokre fantastiske bilete under framsyninga og laga ein flott reportasje som vart publisert på nordhordland.no. Reportasjen finn du her. 

web_Kyrkjerottene__5744496a
Foto: Morten Sæle for avisa Nordhordland

 

 

«Kom innom» kvar onsdag

Kvar onsdag ettermiddag frå desember vert det servert kaffi og vaflar i Knarvik kyrkje. Tanken er at folk skal få sjå kyrkja og koma innom for å slå av ein prat.

– Det skal vera like lett å stikke innom den nye kyrkja som der er å vitja ei sjømannskyrkje i utlandet. Her skal alle kjenne seg heime, seier Harald Osland Øvretveit.

Han er ein av initiativtakarane til tiltaket som vert kalla «Kom innom». Saman med seg har han ein dugnadsgjeng som skal byte på å koke kaffi og steike vaflar i kyrkja. Både vaflane og kaffien vert selt særs rimeleg.

– Den nye kyrkja er eit mektig bygg. Det er jo fantastisk berre å sjå bygget og vere her, seier Arild Stangeland, ein av dei andre vaffelsteikarane.

Så snart kyrkja vert vigsla 1. sundag i advent, 3o. november, er han og dei andre på plass i kyrkja mellom klokka 17.30 og 19.30 kvar onsdag.

Det vert ikkje nokon andakt eller program desse dagane. Her skal folk få stikke innom og slå av ein prat. Kyrkja skal rett og slett vere ein sosial møteplass i Knarvik.

Dette skjer altså samstundes med Knøttekoret!

På bilete såg du: Venke Fyllingsnes, til venstre, Lars Inge Kjemphol, Sissel Fyllingsnes, Jan Fyllingsnes, Harald Osland Øvretveit, Arild Stangeland, Jannicke Krüger og Kirsten Tangen er mellom dei som vil ordne kaffi og vaflar.

Kom innom og få ein vaffel!

Kvar onsdag mellom 17:30 – 19:30 vil det vere mogeleg å komme innom kyrkja for ein kopp kaffi og vaflar. Dette vil skje etter at kyrkja er vigsla, men vi ynskjer å gjere oppmerksom på det allereie no.

Det vil ikkje vere noko program, vi ynskjer berre at du skal få setje deg ned, slappe av, smake på vaflane våre og drikke litt kaffi/saft. Kanskje du vil stikka oppom etter handleturen i senteret?

Vi ynskjer at du skal få sjå kyrkja, prate saman med nye og gamle venner.
Du kan komme innom i 2 minuttar, 10 minuttar eller 2 timar, det vel du sjølv 🙂

Alle er velkomen!

vaffel

9. NOVEMBER – LUNSJ I SENTERET

GRATIS LUNSJ I KNARVIK SENTER, 9. NOVEMBER KL 11-13

Vi ynskje DEG velkommen til ei samling i Knarvik senter, laurdag 9. nov – med mat, litt underhaldning og lotteri. Vi vil vera tilgjengeleg for spørsmål, innspel og for ein prat rundt kyrkja. Ynskje vårt om å skapa bevissthet kring Knarvik kyrkje, starta arbeidet med å byggja kyrkjelyd, er stort – vi gler oss for alle dei små stega fram på kyrkjeveg!

(Ta gjerne kontakt om du har ein gevinst til lotteriet,ansvarlege er innsamlingsgruppa – sjå KONTAKT OSS)