Orgelet er på veg!

Orgelet er på veg og det tek litt tid å få det på plass, kyrkja stenger difor 17.august. og opnar att 11.oktober. I den tida skal alle gudstenestene vere i Alversund.  Knøttekoret i Knarvik Kyrkje vil ha øvingane sine i Knarvik misjonshus og Shelly blir sjølvsagt med ned der! Det vert ei pause i vaffelsteikinga og «Kom innom», men vi startar opp att når orgelet er på plass.
Den 16.august kjem 3 tilsette frå orgel- fabrikken Metzler i Sveits. På mandag skal ein trailer tømmast og dei tre går i gang med å montere orgelet.

Etter 3- 4 veker kjem Metzler sjølv, eigaren av fabrikken, saman med ein annan og skal bruke 3 veker på å intonere orgelet.

Vigsling av orgelet skjer den 8. november, og orgelet blir truleg ikkje brukt på gudstenester før dette. Då kjem biskopen og vil stå for vigslinga. På ettermiddagen den dagen blir det flott orgelkonsert. Fredag 20. november blir det stor konsert med Iver Kleive og Knut Reiersrud.

Vi vann publikumsavstemminga!

Kyrkja gjekk til topps i Architizer A+ Award-konkurransen. Kyrkja vann publikumsavstemminga. Det vart gjort kjent tysdag denne veka.

Frå Strilen, tysdag:
«Det er arkitektfirmaet Reiulf Ramstad Arkitekter i Oslo som har teikna den spesielle kyrkja, der både tak og vegger er av tre. På arkitektfirmaet sine nettsider skriv dei at det er ei stor ære å gå til topps i denne kåringa. Dei skriv og at dei heilt til det siste låg på andreplass i avstemminga, men at dei gjekk forbi i innspurten.

Kyrkjebygg
Konkurransen er inndelt i mange klassar, og Knarvik-kyrkja gjekk til topps i klassen for religiøse bygg. Totalt var det fire bygningar som kjempa om prisen. Chapel in Joá i Rio de Janeiro i Brasil vann juryen sin pris.

Det er tredje året denne prisen vert delt ut.»

Bygg.no har i likskap med Vårt Land omtala saken. Flotte omtalar og kjekk merksemd!

 

En arkitektstudents betraktninger

En lokal arkitektstudent har skrevet en oppgave om Knarvik kyrkje, og vi har fått love å dele den. Oppgaven i sin helhet kan du lese her. (pdf).

Hennes egne forord:

«Nye Knar vik kyrkje ble et naturlig valg for meg. Jeg kommer selv fra nærområdet og har fulgt debatten og prosessen rundt å reise en ny kirke i Knar vik. Byggets rene linjer, dets komplekse men samtidig enkle formspråk og behagelige plassering i terrenget fasinerer meg. Jeg ønsker å vite mer om, og forstå hvordan både byggherre og arkitekt har gått frem ved utviklingen av denne.

Jeg synes det er spennende, og blir oppriktig glad for, at et lite sted som Knar vik har tur t å satse på et så moderne kirkebygg.

Kirken skiller seg ut fra resten av bebyggelsen i området og kom- mer garanter t til å bli et signalbygg som setter Knar vik på kar tet.

Reni-Helen Fosse»

Kanskje kyrkja vår vinn ein pris?

«Reiulf Ramstad Arkitekter er nominert med to nylig ferdigstilte bygg til EUs pris for moderne arkitektur – Mies van der Rohe Award 2015.

Begge prosjektene, Knarvik kirke i Hordaland og sommerhuset «Mikrolandsbyen» i Vestfold, har fått stor internasjonal interesse og er allerede omtalt blant arkitektur-nettsteder over hele verden.» – Dette skriv bygg.no. Du kan lese heile saka her.

Berre 1 dag igjen!

BT sin journalist, Jan M. Lillebø har teke bilete
Foto: BT sin journalist, Jan M. Lillebø

Kyrkja vert lagt merke til, og dagen før dagen er det NRK og BT som har lagt ut to flotte reportasjar på nett. Journalistene har teke seg god tid til å fanga små detaljar av den flotte kyrkja. Me gler oss til vigsling i morgon klokka 11 og resten av festveka.

Her finn du reportasjen som BT har skrive for nett, og den kan du óg finna att i papirutgåva 29.11.14.

NRK var på plass i går og filma førebuingane til morgondagens vigsling. Du kan gå til  reportasjen her, eller ved å klikka på bilete under.

Lenke til reportasje fra NRK

 

 

Byggjekomiteen er i mål!

Dei har vore med på eit historisk møte. For første gong har byggjekomiteen for Knarvik kyrkje vore samla i Tårnrommet i den nye kyrkja. Dette er og komiteen sitt siste møte. Den er i mål.

– Det er surrealistisk! seier Helge Tangen.

Som leiar for byggjekomiteen har han nærast følgt arbeidet både dag og natt dei siste åra. No kan han opne dørene og syne folk rundt. 30. november skal kyrkja fyllast med folk og vigslast.

– Dette er grådig flott, seier kyrkjeverge Torgeir Paulsen.

– Det er kjekt å sjå at vi er kome i mål på ein god måte, seier Jostein Hellestveit, Lindås kommune sin representant i komiteen.

Historisk

Kåre Leivestad, leiar i Lindås kyrkjelege fellesråd, er særs nøgd. Han stiller med heimelaga pizza til dette historiske møtet.

Og tårnrommet er unikt. Nokre små vindauge og 10-15 meter opp til taket.

– For oss som har følgt arbeidet med å reise ei kyrkje i Knarvik frå «tidenes morgon», er dette spanande og rart. Eg var mange gonger usikker på om det vart nokon kyrkje. No står ho her, seier Ivar Eidsheim.

Han var leiar for plan- og prosjektkomiteen for den nye kyrkja i Knarvik dei første åra og opplevde både oppturar og nedturar.

Leif Fiske sukkar over at det var mykje fram og tilbake dei første åra og gler seg dess meir over at dei no er i mål.

Kontroll

– Det er ikkje kvar dag vi er med på å byggje ei kyrkje. Dette har vore kjekt, seier Hans-Kristian Jacobsen i Rambøll.

Rambøll har vore byggherre og byggjenemnda sin faglege rådgjevar og bindeledd inn mot alle eksterne, både arkitekt og entreprenørar. Hans-Kristian var med på å leggje til rette for arkitektkonkurransen, var ute av prosjektet ei tid og kom inn att fjor haust. Han hugsar godt sjokket dei fekk då Walde, hovudentreprenøren, gjekk konkurs.

– Akkurat då såg det mørkt ut. Men vi har hatt dei økonomiske rammene med oss heile tida. Utfordringa har vore å halde kostnadene under kontroll. Heile tida hadde vi alle papira i orden. Entreprenøren hadde gjeve ei økonomisk garanti og visste at dei sjølv ville blø om dei ikkje ordna opp då konkursen kom, seier Hans-Kristian Jacobsen.

Kan smile

Advokatane fann ei løysing. 7Fjell Entreprenør fekk jobben med å fullføre bygginga av kyrkja. Byggjeleiar Ørjan Mongstad Myhr i Rambøl får ros for ein framifrå jobb. Kyrkja er reist utan å gå ut over rammene frå Lindås kommune.

Heile komiteen tek ein runde i kyrkja for å sjå kor fin ho no ser ut. Meir og meir er kome på plass dei siste dagane. Dei er nøgde med det dei ser. Framleis er det ting å diskutere. Noko må gjerast her og noko der. Men for ei kyrkje! Medlemene av byggjekomiteen kan smile og pakke saman.

Tårnrommet: For eit rom. Frå venstre Jostein Hellestveit, Torgeir Paulsen, Leif Fiske og Helge Tangen. Med ryggen til Ivar Eidsheim.
Tårnrommet: For eit rom. Frå venstre Jostein Hellestveit, Torgeir Paulsen, Leif Fiske og Helge Tangen. Med ryggen til Ivar Eidsheim.