Stem på kyrkja!

Kyrkja vår er blitt nominert til ein anerkjent, internasjonal pris blant 5 prosjekter i sin kategori.

I tillegg til ein jury som bedømmer ein vinner, er det ein åpen publikumspris for det prosjektet som får mest stemmer – inntil ”stemmelukene” stenger 3. april.

Stem her!

 

Open kyrkje slår an

På kjøkkenet: Mari Mongstad, nærast, og Kari Th. Stangeland lagar vaflane.

Vaflane og kaffikoppane går unna. Folk set pris på at Knarvik kyrkje er open kvar onsdag ettermiddag!

– Dette gleder eg meg over. Eg kjem innom oftare. Her er jo som å vere i ei sjømannskyrkje, seier Idar Hindenes.

Han sit med ei vaffelplate i hendene og synes Knarvik kyrkje nærast er ei fullkomen kyrkje og vil få mykje å seie for folk i Knarvik og bygdene omkring. Men han er uroa over at det er lite pengar til dei andre kyrkjene i Lindås kommune.

Kari Th. Stangeland og Mari Mongstad står på kjøkkenet og legg nye, varme vaffelplater på fata. Her går det slik unna at dei knapt har tid til å prate. Men smile gjer dei.

– Dette er triveleg. Kyrkja er jo så ljos og fin. Det er positivt vi kan nytte henne på vekedagane, seier Jannicke Krüger.

Ho, Øystein Mongstad og Arild Stangeland høyrer og til dugnadsgjengen som driv «Kom innom» i Knarvik kyrkje kvar onsdag mellom klokka 17.30 og 19.30.

– Sjølvsagt er vi spente på kor mange som kjem. Dette ser jo flott ut, seier Arild Stangeland.

Knøttekoret øver samstundes med at kafeen er open, men det går bra. Harald Osland Øvretveit, initiativtakar til «Kom innom», legg merke til at glasveggen dempar lyden akkurat slik det var tenkt. Og når øvinga er over, strøymer born og foreldre til kafeen.

Velkomen!

TEKST OG FOTO: TOR KRISTIANSEN

Ny bok til sals – «Knarvik – bygda og kyrkja»

Boka fortel om utviklinga i bygda, og om kyrkjeprosessen.

Boka vert seld ved eigen stand i Knarvik Senter, og ved arrangement i kyrkja i perioden – 23. desember. Pris: Kr. 290,-.

Rabatt ved kjøp av fleire bøker.

Ved kjøp av over 10 bøker, bokkjøp etter jul, eller andre spørsmål: Ta kontakt med Øystein Aamli på telefon: 99 32 16 42.

Det er Alversund sokneråd som gjev ut boka.

Inntektene går til Knarvik kyrkje og arbeidet der.

IMG_0085IMG_0086

Berre 1 dag igjen!

BT sin journalist, Jan M. Lillebø har teke bilete
Foto: BT sin journalist, Jan M. Lillebø

Kyrkja vert lagt merke til, og dagen før dagen er det NRK og BT som har lagt ut to flotte reportasjar på nett. Journalistene har teke seg god tid til å fanga små detaljar av den flotte kyrkja. Me gler oss til vigsling i morgon klokka 11 og resten av festveka.

Her finn du reportasjen som BT har skrive for nett, og den kan du óg finna att i papirutgåva 29.11.14.

NRK var på plass i går og filma førebuingane til morgondagens vigsling. Du kan gå til  reportasjen her, eller ved å klikka på bilete under.

Lenke til reportasje fra NRK

 

 

Byggjekomiteen er i mål!

Dei har vore med på eit historisk møte. For første gong har byggjekomiteen for Knarvik kyrkje vore samla i Tårnrommet i den nye kyrkja. Dette er og komiteen sitt siste møte. Den er i mål.

– Det er surrealistisk! seier Helge Tangen.

Som leiar for byggjekomiteen har han nærast følgt arbeidet både dag og natt dei siste åra. No kan han opne dørene og syne folk rundt. 30. november skal kyrkja fyllast med folk og vigslast.

– Dette er grådig flott, seier kyrkjeverge Torgeir Paulsen.

– Det er kjekt å sjå at vi er kome i mål på ein god måte, seier Jostein Hellestveit, Lindås kommune sin representant i komiteen.

Historisk

Kåre Leivestad, leiar i Lindås kyrkjelege fellesråd, er særs nøgd. Han stiller med heimelaga pizza til dette historiske møtet.

Og tårnrommet er unikt. Nokre små vindauge og 10-15 meter opp til taket.

– For oss som har følgt arbeidet med å reise ei kyrkje i Knarvik frå «tidenes morgon», er dette spanande og rart. Eg var mange gonger usikker på om det vart nokon kyrkje. No står ho her, seier Ivar Eidsheim.

Han var leiar for plan- og prosjektkomiteen for den nye kyrkja i Knarvik dei første åra og opplevde både oppturar og nedturar.

Leif Fiske sukkar over at det var mykje fram og tilbake dei første åra og gler seg dess meir over at dei no er i mål.

Kontroll

– Det er ikkje kvar dag vi er med på å byggje ei kyrkje. Dette har vore kjekt, seier Hans-Kristian Jacobsen i Rambøll.

Rambøll har vore byggherre og byggjenemnda sin faglege rådgjevar og bindeledd inn mot alle eksterne, både arkitekt og entreprenørar. Hans-Kristian var med på å leggje til rette for arkitektkonkurransen, var ute av prosjektet ei tid og kom inn att fjor haust. Han hugsar godt sjokket dei fekk då Walde, hovudentreprenøren, gjekk konkurs.

– Akkurat då såg det mørkt ut. Men vi har hatt dei økonomiske rammene med oss heile tida. Utfordringa har vore å halde kostnadene under kontroll. Heile tida hadde vi alle papira i orden. Entreprenøren hadde gjeve ei økonomisk garanti og visste at dei sjølv ville blø om dei ikkje ordna opp då konkursen kom, seier Hans-Kristian Jacobsen.

Kan smile

Advokatane fann ei løysing. 7Fjell Entreprenør fekk jobben med å fullføre bygginga av kyrkja. Byggjeleiar Ørjan Mongstad Myhr i Rambøl får ros for ein framifrå jobb. Kyrkja er reist utan å gå ut over rammene frå Lindås kommune.

Heile komiteen tek ein runde i kyrkja for å sjå kor fin ho no ser ut. Meir og meir er kome på plass dei siste dagane. Dei er nøgde med det dei ser. Framleis er det ting å diskutere. Noko må gjerast her og noko der. Men for ei kyrkje! Medlemene av byggjekomiteen kan smile og pakke saman.

Tårnrommet: For eit rom. Frå venstre Jostein Hellestveit, Torgeir Paulsen, Leif Fiske og Helge Tangen. Med ryggen til Ivar Eidsheim.
Tårnrommet: For eit rom. Frå venstre Jostein Hellestveit, Torgeir Paulsen, Leif Fiske og Helge Tangen. Med ryggen til Ivar Eidsheim.

«Kom innom» kvar onsdag

Kvar onsdag ettermiddag frå desember vert det servert kaffi og vaflar i Knarvik kyrkje. Tanken er at folk skal få sjå kyrkja og koma innom for å slå av ein prat.

– Det skal vera like lett å stikke innom den nye kyrkja som der er å vitja ei sjømannskyrkje i utlandet. Her skal alle kjenne seg heime, seier Harald Osland Øvretveit.

Han er ein av initiativtakarane til tiltaket som vert kalla «Kom innom». Saman med seg har han ein dugnadsgjeng som skal byte på å koke kaffi og steike vaflar i kyrkja. Både vaflane og kaffien vert selt særs rimeleg.

– Den nye kyrkja er eit mektig bygg. Det er jo fantastisk berre å sjå bygget og vere her, seier Arild Stangeland, ein av dei andre vaffelsteikarane.

Så snart kyrkja vert vigsla 1. sundag i advent, 3o. november, er han og dei andre på plass i kyrkja mellom klokka 17.30 og 19.30 kvar onsdag.

Det vert ikkje nokon andakt eller program desse dagane. Her skal folk få stikke innom og slå av ein prat. Kyrkja skal rett og slett vere ein sosial møteplass i Knarvik.

Dette skjer altså samstundes med Knøttekoret!

På bilete såg du: Venke Fyllingsnes, til venstre, Lars Inge Kjemphol, Sissel Fyllingsnes, Jan Fyllingsnes, Harald Osland Øvretveit, Arild Stangeland, Jannicke Krüger og Kirsten Tangen er mellom dei som vil ordne kaffi og vaflar.

276.000 kroner til nye stolar

Til no er det kome inn 276.000 kroner til stolar i Knarvik kyrkje.

– Då eig vi 125 av stolane som er bestilt. Målet vårt er at alle dei 430 stolane i kyrkja skal vere betalt til opninga 30. november, seier Wenche Medaas, leiar for stolaksjonsgruppa i Alversund sokn.

Det avgjerande no, meiner ho, er at kvar og ein bestemmer seg for at dei vil støtte aksjonen, og så faktisk gjer ei aktiv handling i forhold til innbetaling. Ein kan velje å delta med det beløpet ein sjølv ønskjer, eller «stille til start i eliteklassen» og gje ein heil stol til 2200 kroner.

– Vi er godt i gang og har gjort unna 1. etappe. Eg opplever at det er kultur – både i Knarvik og elles i kommunen – for å setje seg store mål for så å nå dei. Viktigast av alt er at vi står saman om å nå målet om å eige stolane den 30.11.! seier Wenche.

I tillegg til innbetaling direkte til konto eller via avtalegiro med skattefrådrag, har aksjonsgruppa også lagt til rette for kontantbetaling. Dette kan gjerast ved at ein leverer beløpet i lukka konvolutt merka «stolaksjonen» hos Lindås kyrkjelege fellesråd i Lonsvegen, eller på ei gudsteneste i Alversund eller Knarvik misjonshus.

– Eg er takksam for alt vi får inn, seier Wenche Medaas, som gler seg til å sjå stolane på plass i kyrkja. Frå dag ein vil mange besøke kyrkja, så denne gåva vil alle ha glede og nytte av, seier Wenche Medaas.

Minner om at gåver til stolaksjonen kan sendast til kontonummer 36325010635.

Uten ildsjelene hadde det gått dårlig

Uten ildsjelene hadde det gått dårlig med Norge. Dugnader er vårt varemerke. Men noe dugnadsarbeid er mer krevende enn folk aner.
– Arbeidet med å lede byggenemden for Knarvik kirke er 20 ganger mer omfattende enn jeg først trodde. Det er enormt krevende, men også enormt interessant, sier Helge Tangen.
Han kommer syklende til kirken, jubler over det vakre bygget han ser, der flere og flere detaljer kommer på plass. Oppriktig gleder han seg til innvielsen 1. søndag i advent og har alt begynt å ønske folk «God jul».
– Det er spennende å få være sentral i et så historisk bygg. Det vil bety noe i livet til svært mange i området og bli en viktig del av kulturmiljøet i Lindås, tror Helge Tangen.
Han er født inn i en kultur der Gud var en del av hverdagen. Kirken lå 200 meter unna barndomshjemmet på Fedje, bedehuset 300 meter.

Min rolle
– Kirken var formell og organisasjonene spirituelle, men kirken og indremisjonen var likevel hånd i hanske. De samme menneskene gikk begge steder. Min mor var renholder i kirken. Kanskje er det medvirkende til at min rolle mer har vært vaktmesteren enn forkynneren i kirke og bedehus, forteller Helge Tangen.
Kirken og bedehuset ble ankerfester i livet. Han utdannet seg til lærer i kunst og håndverk, giftet seg med Kirsten som er lærer i samme kreative fag og fikk førstejobb på Linderud skole i Oslo.
– Da vi ville flytte vestover uten å ha fått noen garanti om jobb, sa rektor: Tangen, du gambler med ditt liv! Men alt ordnet seg. Kona mi fikk først en stilling på Fedje. Jeg ble sløydlærer i Alversund. Og i 1978 var vi på plass i en lærerbolig i Knarvik begge to, forteller Helge.
Det var en pinsemenighet på Knarvik, men kirken og bedehuset var noen kilometer unna. Det innrømmer han var en underlig opplevelse. I den tiden samarbeidet tre organisasjoner om å reise en barnehage, den ene organisasjonen også et misjonsbygg. Helge kom med i dugnadsarbeidet og misjonshuset ble benyttet som interimkirke.

De første tanker
En ny prest ble ansatt og tanken om en egen kirke i Knarvik kom opp. Et kapell var en del av områdeplanen for Knarvik, men det var nærmest snakk om et gravkapell i tilknytning til en ny gravplass og kirken skulle for all del ikke konkurrere med kirken i Alversund i størrelse.
– Sokneprest Åge Palmesen og jeg ble med i en arbeidsgruppe nedsatt av soknerådet og inspirerte hverandre. I vår engasjerte naivitet hadde vi stand i Knarvik senter og begynte å samle inn penger til kirke. Vi fikk en testamentarisk gave på 100.000 kroner og tenkte alvorlig på hvordan vi kunne forvalte den så den vokste til kirkekapital, sier Helge Tangen.
Betatt av den nye kirken i Norheimsund, engasjerte de Peder Ristesund som arkitekt. Han tegnet en flott steinkirke med inngang gjennom et firkantet tårn. 27 millioner kroner ville den koste i 1993. Det var mye snakk om hvor kirken skulle ligge. Daværende biskop Per Lønning fremhevet at kirken skulle være blant de levende, ikke blant de døde, nær gravplassen.

Ny koalisjon
– Jeg engasjerte meg politisk, ble valgt inn i kommunestyret og flagget at Knarvik måtte få en kirke. Men flertallet bestemte at det først måtte anlegges en gravplass. Da gikk luften ut av ballongen, forteller Helge Tangen.
I 2007 ble en ny koalisjon skapt i Lindås. En del av det politiske programmet Kristelige Folkeparti og Fremskrittspartiet, støttet av Venstre, forhandlet frem, var at det skulle bygges ny kirke. En ny kirkeverge ble ansatt og han ble bedt om særlig å ha fokus på et nytt kirkebygg.
– Lindås kirkelige fellesråd satte ned en plan- og prosjektgruppe. En arkitektkonkurranse ble utlyst. Jeg ble bedt om å lede juryen og i neste omgang byggenemden. For å unngå å komme i skvis mellom disse vervene og arbeidet i skolen, valgte jeg, i samråd med min familie, å ta ut alderspensjon. Uten min kone Kirstens fulle støtte, hadde dette aldri gått, forteller Helge.

Lært mye
Selv har han lært ufattelig mye av å delta i arbeidet med å reise kirken. Han samarbeider med så dyktige fagfolk og verdsetter høyt arkitekt, entreprenører, byggeleder, rådgivere og håndverkere. En gang i måneden leder han byggekomiteens møte.
– Dere fikk en ekstra utfordring da Waldegruppen gikk konkurs?
– Jeg satt i møte med vår rådgiver i Rambøl i Bergen da jeg fikk en telefon fra kona som hadde sett noe på nettet. Konkursen kom som lyn fra klar himmel. Vår mann hos Rambøl, kirkevergen og advokatene gjorde en kjempejobb i dagene som fulgte. Etter bare en ukes byggestopp var arbeidet i gang igjen. Flere av konsulentene og håndverkerne fulgte oss videre, forteller Helge. Økonomisk påførte ikke konkursen kirkebygget tap, men det viste seg at det ville ta en måned ekstra å få alle byggdetaljene på plass. Det var det rom for. Alt som var planlagt, vil stå klappet og klart når kirken innvies 1. søndag i advent.

Større betydning
Det er alle de små avgjørelsene innimellom alt som opptar Helge Tangens hode. Nylig våknet han og tenkte på hvordan stolene skulle plasseres. Den første skissen gikk ikke. Rømningsveier må også sikres. Rekker forresten arkitekten å tegne et prosesjonskors og hyller til salmebøkene i helgen? Og nå må kona etter hvert få hjelp med klesvaskemaskinen. Hele tiden må små ting gjøres om av hensyn til økonomien i prosjektet.
– Hva har arbeidet gitt deg?
– Jeg har fått innblikk i store, komplekse prosesser. Det er som om tog kommer og tog går med ulike varer og ting som vi må ta stilling til. Flere beslutninger er ikke reversible. Ikke alltid ser vi konsekvensene, men tror det går bra. Kirken er et spesialdesignet bygg det ikke finnes makten til. Jeg kjenner alt den gode opplevelsen av å komme inn i kirken. Dessuten vet jeg mye om det store engasjementet kirkebygget har utløst både i Knarvik og Lindås kommune. Dette bygget vil få større betydning enn vi nå ser, sier Helge Tangen.