Ny bok til sals – «Knarvik – bygda og kyrkja»

Boka fortel om utviklinga i bygda, og om kyrkjeprosessen.

Boka vert seld ved eigen stand i Knarvik Senter, og ved arrangement i kyrkja i perioden – 23. desember. Pris: Kr. 290,-.

Rabatt ved kjøp av fleire bøker.

Ved kjøp av over 10 bøker, bokkjøp etter jul, eller andre spørsmål: Ta kontakt med Øystein Aamli på telefon: 99 32 16 42.

Det er Alversund sokneråd som gjev ut boka.

Inntektene går til Knarvik kyrkje og arbeidet der.

IMG_0085IMG_0086

276.000 kroner til nye stolar

Til no er det kome inn 276.000 kroner til stolar i Knarvik kyrkje.

– Då eig vi 125 av stolane som er bestilt. Målet vårt er at alle dei 430 stolane i kyrkja skal vere betalt til opninga 30. november, seier Wenche Medaas, leiar for stolaksjonsgruppa i Alversund sokn.

Det avgjerande no, meiner ho, er at kvar og ein bestemmer seg for at dei vil støtte aksjonen, og så faktisk gjer ei aktiv handling i forhold til innbetaling. Ein kan velje å delta med det beløpet ein sjølv ønskjer, eller «stille til start i eliteklassen» og gje ein heil stol til 2200 kroner.

– Vi er godt i gang og har gjort unna 1. etappe. Eg opplever at det er kultur – både i Knarvik og elles i kommunen – for å setje seg store mål for så å nå dei. Viktigast av alt er at vi står saman om å nå målet om å eige stolane den 30.11.! seier Wenche.

I tillegg til innbetaling direkte til konto eller via avtalegiro med skattefrådrag, har aksjonsgruppa også lagt til rette for kontantbetaling. Dette kan gjerast ved at ein leverer beløpet i lukka konvolutt merka «stolaksjonen» hos Lindås kyrkjelege fellesråd i Lonsvegen, eller på ei gudsteneste i Alversund eller Knarvik misjonshus.

– Eg er takksam for alt vi får inn, seier Wenche Medaas, som gler seg til å sjå stolane på plass i kyrkja. Frå dag ein vil mange besøke kyrkja, så denne gåva vil alle ha glede og nytte av, seier Wenche Medaas.

Minner om at gåver til stolaksjonen kan sendast til kontonummer 36325010635.

Kanskje fleire vil gå i kyrkja?

– Eg vonar mange sluttar opp om stolaksjonen og at det kjem så mykje pengar inn at alle kan sitje når kyrkja opnar, seier Arvid Skage.

Han reiste ut som sjømann 16 år gamal, tok maskinistutdanning, var offiser i Marinen i sju år og jobba på Mongstad i 32 år med sikring og som produksjonsleiar før han vart pensjonist. No står han på for at Knarvik skal få ei god kyrkje.

– Eg har tru på denne stolen. Den har vore i produksjon i mange år. Mange av flyplassane har han. Stolen har ein garanti på 10 år og vi reknar med å bruke han i minst 30 år, seier Arvid Skage.

Han trur fleire vil gå i kyrkja når den nye kyrkja i Knarvik opnar. Og han trur og at dette vert ei kyrkje for alle, ei kyrkje for heile folket.

– Barnetrua er viktig for meg. Her er gode verdiar å ta vare på, seier Arvid Skage.

Gåver til stolaksjonen kan sendas til kontonummer 36325010635

Vår eiga kyrkje

– Eg trur mange er glad for at denne kyrkja er komen. Eg trur folk forstår at vi må ha stolar og at dei vil hjelpe oss. Å gje ein stol kan gje eit eigarforhold til kyrkja. Folk vil tenkje at dette er deira eige kyrkje, seier Kåre Mestad.

Han har tidlegare vore prost i Nordhordland i 17 år og er som pensjonist jublande glad for at Knarvik får ei ny og flott kyrkje.

– Dette er ein draum som er vorte verkeleg. Gjennom 50 år har folk jobba for at Knarvik skulle få ei kyrkje. I 2007 vart tomta peika ut. Kyrkja ligg høgt, fritt og sentralt. Eg trur ho vil prega Knarvik positivt. I glede og takk trur eg folk vil gje til stolaksjonen, seier Kåre Mestad.

Gåver til stolaksjonen kan sendas til konto nummer 36325010635, Alversund sokn, Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund. Eigen giro finn du her. Då vil ein også få skattefritak

60 stolar er samla inn!

Vi har til no samla inn 130.000 kroner til flotte stolar i kyrkja – dette vert 60 stolar! Tusen takk til alle som har vore med, utfordringa går vidare; støtt stolaksjonen til Knarvik kyrkje – snart har vi 100 stolar!

Gåver til stolaksjonen kan sendas til kontonummer 3632.50.10635, Alversund sokn, Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund. Eigen giro finn du her. Då vil ein også få skattefritak.

 

Vil du eige litt av kyrkja?

Flott kyrkje!

– Ved å gje ein stol trur eg folk vil kjenne at dei eig litt av kyrkja. Eg trur mange vil tenne på ideen, seier Lars Inge Kjemphol.

Han er med i stolaksjonen og gler seg over kyrkja.

– Eg ser kyrkja frå huset mitt kvar dag. Det er eit veldig flott syn. Kyrkja tek seg godt ut, same kor du går. Ho ligg på ein særs flott stad, seier Lars Inge Kjemphol.

Den nye kyrkja treng 430 A-stolar og 100 B-stolar. Når underetasjen er klar, vert det bruk for 250 B-stolar til. A-stolane får eit eige mjukt setetrekk. Kvar A-stol kostar 2200 kroner. Det er høve til å gje ein stol, ein halv stol, ein kvart eller nokre hundrelappar.

Gåver til stolaksjonen kan sendas til konto nummer 3632.50.10635, Alversund sokn, Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund. Eigen giro finn du her. Då vil ein også få skattefritak

Et landemerke

– Jeg håper virkelig at folk støtter stolaksjonen. Om de gir 200 kroner, 500 eller 1000 kroner er underordnet. Det viktige er at kirken er et pluss for Knarvik og fortjener vår støtte, sier Terje Hella.

Mannen som har jobbet som typograf i utallige år er ikke bare med i stolaksjonen. Han har og en viktig hånd med i boken som kommer når kirken tas i bruk.

– Jeg synes den nye kirken er veldig pen. Du ser den så tydelig når du kommer over broen. Vi har ventet på kirke i mange år. Nå er den alt blitt et landemerke, sier Terje Hella.

Gaver til stolaksjonen kan sendes til kontonummer 3632.50.10635. Se eventuelt egen giro for stolaksjonen.

Kanskje nokre kjem til å sovne under preika?

I denne føljetongen med intervju av menneske som uttalar seg og oppfordrar til å gje nokre kronasjer til stolaksjonen møter me i dag Geir Sørebø!

Han har vekse opp med kyrkjebenkar og har sjølv høyrt mange klager over nett desse benkane. Folk får vondt i ryggen.

– Knarvik kyrkje får gode stolar. Det er viktig for trivselen i ei gudsteneste. Folk skal kjenne seg vel. I åra framover ville dei alle fleste i Knarvik bruke desse stolane ved store hendingar i livet deira. Eg trur dei vil gje nokre hundrelappar for å sitje godt, seier Geir Sørebø.

Mange spander eit godt setetrekk til bilen sin. Dei vil og skjøne kor viktig kyrkjestolen er, meiner han.

– Når folk tenkjer over kor viktig rom den nye kyrkja er, trur eg dei vil gje pengar til ein stol, seier prost Geir Sørebø.

Vi minner om at den nye kyrkja treng 430 A-stolar og 100 B-stolar. Når underetasjen er klar, vert det bruk for 250 B-stolar til. A-stolane får eit eige mjukt setetrekk. Kvar A-stol kostar 2200 kroner. Det er høve til å gje ein stol, ein halv stol, ein kvart eller nokre hundrelappar.

Gåver til stolaksjonen kan sendas til konto nummer 36325010635. Sjå eventuelt eigen giro for stolaksjonen.

Ei folkegåve!

Som dykk kanskje har lagt merke til presenterar vi her på heimesida nokre utvalde som skal gje deg gode grunnar til å vere med og støtta Knarvik kyrkje, og då særskild til å skaffa siteplassar. I dag er det Øystein Aamli som ynskjer å gje deg ein god grunn!

Eg har tru på den nye kyrkja i Knarvik og tru på dei nye stolane. Dette er eit spanande prosjekt, seier Øystein Aamli, leiar i Alversund sokneråd.

Han vei at mange har bedt om å få støtte kyrkja på eit eller anna vis. Å gje ein stol kan vere ein god måte å gjere det på. Han vonar stolane kan vere ei folkegåve til den nye kyrkja.

Eg synes den nye stolen er ein fin stol og god å sitje i, seier Øystein.

Gåver til stolaksjonen kan sendas til kontonummer 3632.50.10635