Orgelvigsle 8.november

Orgelet i Knarvik kyrkje vert ferdigstilt i oktober månad av orgelbyggjar Metzler og arbeidarane frå orgelfirmaet i Sveits. Det er orgelbyggjarkunst av edlaste kvalitet. Orgelet er fullfinansiert av ei svært raus pengegåve frå Trond Mohn og vert eit prektig musikkinstrument til kunst og glede for generasjonar framover. Kyrkjelyden er svært takksam for orgelgåva!

Det nybygde, flotte orgelet i Knarvik kyrkje vert vigsla til bruk søndag 8. november ved gudstenesta kl.11.00. Biskop Halvor Nordhaug deltek saman med lokale krefter. Mange gler seg nok og er litt spente på å høyra orgelet og få syngja til fulltonande orgelklang i kyrkjerommet. Det hadde vore kjekt med fullsett kyrkje denne historiske dagen!

Karstein Askeland er ein framifrå konsertorganist og trakterer orgelet etter alle kunstens reglar. Askeland er også fagleg konsulent for orgelbygginga og den som fører kvalitetskontrollen for orgelkomite, sokneråd og fellesråd. Ved vigslingskonserten medverkar også våre eigne musikkstjerner Kjersti Wiik, sopran og Torstein Holmås, trompet.

Velkommen til orgelvigsle med gudsteneste og konsert søndag 8. november! 

Full kyrkje på innsetjingsgudstenesta

Kyrkja var så og sei fylt opp i anledning innsetjinga av vår nye sokneprest Geir Øy!
Kjekt å sjå at så mange tok turen til den flotte kyrkja vår og var med å ynskje han velkomen.

Alversund Kammerkor og SingSingeling satte sitt musikalske preg på gudstenesta og det var fantastisk å sjå ein smilande nøgd sokneprest. Han formidla at han har ein draum, ein draum om å skapa ein kyrkjelyd som er inkluderande og at kyrkjene skal ha lave dørtersklar.

SingSingeling

IMG_0782

Hjarteleg velkomen Geir!

Letta og nøgd

Kyrkjevergen i Lindås, Torgeir Paulsen, er særs godt nøgd med vigslingsgudstenesta. Alt det tekniske virka som det skulle. Gudstenesta var ei flott oppleving.

– På førehand sa vi at vi skal få ei kyrkje der det er godt å sitje, godt å høyre og godt å vere. Alle fekk ikkje ein stol å sitje på. Men alle høyrde godt og kjende glede over å vere i kyrkja, seier Torgeir Paulsen.

Han trekker frem ein rutinert kyrkjetenar Bjørn Furukawa og takkar han for jobben.

Mange var spente på om høgtalaranlegget ville fungera. Først fredag kom det på plass. Det fungerte heilt utmerka. Folk fekk med seg det som vart sagt frå lesepulten og ved alteret.

Når det er få menneske i kyrkja, må ein gjere noko med akustikken. Nå vonar Torgeir Paulsen at folk vil fylla kyrkja kveld etter kveld.

– Eg kjenner ei djup glede over at alt gjekk godt, seier Torgeir Paulsen.

 

Gratulera med dagen!

30. november 2014, på den første dag i det nye kyrkjeåret, vart den nye kyrkja i Knarvik vigsla. Fungerande biskop Jan Otto Myrseth var full av lovord.

– Dykk har fått ei kyrkje som alt er vorte eit landemerke. Tålmodige har dykk vore uthaldande i innsatsen. Gratulerer med dagen! sa Jan Otto Myrseth. Han helsa frå Halvor Nordhaug og fortalte at vigslinga av Knarvik kyrkja var ei av dei oppgåvene han minst ville gi frå seg.

– Her i kyrkja skal generasjonar finna ein heim i det fellesskapet som sprengjer alle grenser. Kyrkja skal vere som ein rasteplass for menneske på vandring, sa jan Otto Myrseth.
Han las evangeliet for dagen frå Lukas 4 vers 16 til 22a. «Han har sendt meg for å rope ut at fangar skal få fridom og blinde få synet att, for å setje undertrykte fri og rope ut eit nådens år frå Herren».

– Tenk om vi kunne våge å tru at det forkynte ord har slik kraft i seg her og i alle andre kyrkjer i Noreg. Kvar preike i Knarvik kyrkje skal vere eit vitnemål om Kristus. Grip nåden i dag – her og nå! Mi von er at Knarvik kyrkje skal vere eit teikn for åra som kjem. Kristus er midt iblant oss, sa Jan Otto Myrseth.

Jubelgudsteneste

Kamilla Kjemphol bar krossen
Kamilla Kjemphol bar krossen

Vigslinga av Knarvik kyrkje 1. søndag i advent var ei mektig oppleving. Kyrkja vart fylt av folk. Mange måtte stå. Alle kjende glede over å ha vore med på noko stort..

– Dette er den første kyrkjeopning eg har vore med på. Det vart ei stor oppleving. Kyrkja inviterer til fornying og for oss menneske, seier prost Geir Sørebø, en av dei mange prestane som tok det i gudstenesta.

– Dette er nærast som julekvelden og 17. mai på same tid. Kyrkja stråler. Folk stråler. Vi har saman bygd ei framtid for bygda. Her skal vi hente gode impulsar, seier Øystein Aamli, formann i Alversund sokneråd.

Middag i Nordhordlandshallen etter gudstenesta

Middagen i Nordhordlandshallen smakte særs godt. Her var mot nok til alle. Alt var organisert på ein klok måte med vertar ved kvart bord. Til og med heimelaga kaker til alle. Og under middagen fekk alle ein stol å sitje på.

Middag nok til alle
Middag nok til alle