Godt nyttår!

2015 var eit fantastisk år for Knarvik kyrkje – både menigheten og kyrkja! Kyrkja vert godt brukt og det er eit stort mangfald. Vi vonar at 2016 blir minst like spennande. I løpet av våren får vi ein ny prest i kyrkja, Torbjørn Sæle. Han er tilsett som spesialprest. Vi ynskjer han hjarteleg velkomen!

Knøttekoret startar opp igjen onsdag 13.januar 17:30, og det same gjer Kom innom – vaffel og prat i kyrkjetorget.

2016 Gudstenesteliste

Nyttårskonsert 17.1 klokka 18:00
image

Gudstenester, konsertar og hendingar i kyrkja fram mot jul!

Foto:Kurt Risch
Foto:Kurt Risch

23.12 22:00 Konsert – Stille natt – Heilage natt. Ein kveldskonsert med Kjersti Wiik med fleire.

24.12 Gudstenestar på julaftan (Merk: Det vert her opplyst om gudstenester for Alversund, Seim og Lygra óg)

ALVERSUND: 14:30 Ingvar Fykse. Alversund skulemusikk spelar. Offer til Kirkens Nødhjelp

ALVERSUND: 16:00 Ingvar Fykse

KNARVIK: 14:30 1430 Geir Øy. Knarvik skulekorps spelar. Offer til Kirkens Nødhjelp

KNARVIK: 16:00 Geir Øy.Astrid Byrknes og Leif H. Sleire deltek. Offer til Kirkens Nødhjelp

LYGRA: 14:00 Helge Hitland. Gruppe frå Seim Musikklag. Offer til Kirkens Nødhjelp

SEIM: 16:00 Helge Hitland. Offer til Kirkens Nødhjelp.

25.12 Gudsteneste juledag
KNARVIK: 12:00 Geir Øy. Nattverd. Kjersti Wiik – solo. Sander Haugsdal – kornett. Korgruppe. Offer til NMS.

26.12 Gudsteneste 2.juledag
SEIM: 11:00 Helge Hitland. Nattverd. Gruppe frå Seim Musikklag. Offer til Kirkens bymisjon.

Knarvik Gospel startar haustsemesteret 3.september!

Knarvik Gospel startar opp att øvingane sine torsdag 3.september klokka 19.30 i Misjonshuset, då det framleis pågår orgelbygging i kyrkja. Deretter er neste øving 10.september, og etter det er det kvar 14. dag.  Etter haustferien vonar vi at kyrkja er klar for å ta i mot alle som brukar ho til øvingslokale igjen.

 

Orgelet er på veg!

Orgelet er på veg og det tek litt tid å få det på plass, kyrkja stenger difor 17.august. og opnar att 11.oktober. I den tida skal alle gudstenestene vere i Alversund.  Knøttekoret i Knarvik Kyrkje vil ha øvingane sine i Knarvik misjonshus og Shelly blir sjølvsagt med ned der! Det vert ei pause i vaffelsteikinga og «Kom innom», men vi startar opp att når orgelet er på plass.
Den 16.august kjem 3 tilsette frå orgel- fabrikken Metzler i Sveits. På mandag skal ein trailer tømmast og dei tre går i gang med å montere orgelet.

Etter 3- 4 veker kjem Metzler sjølv, eigaren av fabrikken, saman med ein annan og skal bruke 3 veker på å intonere orgelet.

Vigsling av orgelet skjer den 8. november, og orgelet blir truleg ikkje brukt på gudstenester før dette. Då kjem biskopen og vil stå for vigslinga. På ettermiddagen den dagen blir det flott orgelkonsert. Fredag 20. november blir det stor konsert med Iver Kleive og Knut Reiersrud.

Besøk frå Amerika

Dei valfartar frå alle verdshjørne for å sjå kyrkja i Knarvik – kåra til verdas vakraste kyrkje.  – Eit spektakulært bygg – her opplever vi lys og varme som grip oss sterkt, seier Tom Rossiter og Nathalie Ribon-Tourre, to av reisefølgjet på hundre amerikanske arkitektar som er på norgesturné. Knarvik-kyrkja vekkjer stor internasjonal merksemd.

Amerikabesøket er omtalt i både Strilen og Nordhordland.