«Kom innom» kvar onsdag

Kvar onsdag ettermiddag frå desember vert det servert kaffi og vaflar i Knarvik kyrkje. Tanken er at folk skal få sjå kyrkja og koma innom for å slå av ein prat.

– Det skal vera like lett å stikke innom den nye kyrkja som der er å vitja ei sjømannskyrkje i utlandet. Her skal alle kjenne seg heime, seier Harald Osland Øvretveit.

Han er ein av initiativtakarane til tiltaket som vert kalla «Kom innom». Saman med seg har han ein dugnadsgjeng som skal byte på å koke kaffi og steike vaflar i kyrkja. Både vaflane og kaffien vert selt særs rimeleg.

– Den nye kyrkja er eit mektig bygg. Det er jo fantastisk berre å sjå bygget og vere her, seier Arild Stangeland, ein av dei andre vaffelsteikarane.

Så snart kyrkja vert vigsla 1. sundag i advent, 3o. november, er han og dei andre på plass i kyrkja mellom klokka 17.30 og 19.30 kvar onsdag.

Det vert ikkje nokon andakt eller program desse dagane. Her skal folk få stikke innom og slå av ein prat. Kyrkja skal rett og slett vere ein sosial møteplass i Knarvik.

Dette skjer altså samstundes med Knøttekoret!

På bilete såg du: Venke Fyllingsnes, til venstre, Lars Inge Kjemphol, Sissel Fyllingsnes, Jan Fyllingsnes, Harald Osland Øvretveit, Arild Stangeland, Jannicke Krüger og Kirsten Tangen er mellom dei som vil ordne kaffi og vaflar.

Vi startar opp knøttekor i kyrkja!

knøttekoret

Januar 2015 vil vi starta opp KNØTTEKORET i Knarvik kyrkje.
Dette er eit kor for førskuleborn, 3-6 år.
Vi vil ha øvingar kvar onsdag 17.30-18.15.
Vi vil synge masse, bevege oss, spele på rytmeinstrument og lese ei forteljing frå Bibelen.
Foreldre, besteforeldre eller andre som er med kan høyre på, og/eller få seg ein vaffel og kaffi ute i kyrkjetorget medan dei ventar. Dette skjer altså samstundes med «Kom innom».

Her er det berre å ta med seg barn, barnebarn, tantebarn eller nabobarn og komme i Knarvik kyrkje. KNØTTEKORET er gøy!

knøtt                  kor

Kom innom og få ein vaffel!

Kvar onsdag mellom 17:30 – 19:30 vil det vere mogeleg å komme innom kyrkja for ein kopp kaffi og vaflar. Dette vil skje etter at kyrkja er vigsla, men vi ynskjer å gjere oppmerksom på det allereie no.

Det vil ikkje vere noko program, vi ynskjer berre at du skal få setje deg ned, slappe av, smake på vaflane våre og drikke litt kaffi/saft. Kanskje du vil stikka oppom etter handleturen i senteret?

Vi ynskjer at du skal få sjå kyrkja, prate saman med nye og gamle venner.
Du kan komme innom i 2 minuttar, 10 minuttar eller 2 timar, det vel du sjølv 🙂

Alle er velkomen!

vaffel