Jublar for ny kyrkje

Øystein Aamli smilar når han ser opp mot Knarvik kyrkje. Han trur det nye landemerke i Nordhordland vil gje kyrkja ein heilt ny sjanse til å få kontakt med born, unge og vaksne.

– Det er fantastisk spanande å leie soknerådet i ei tid der vi skal få ta i bruk eit heilt nytt kyrkjebygg. Eg merker at bygget gjer folk i området nysgjerrig. Sjølv brenn eg for born og unge og for å skape ein levande kyrkjelyd, seier Øystein Aamli.

Den 28 år gamle ungdomsskulelæraren har vore leiar for Alversund sokneråd i tre år. Han vart vald inn ved siste val og kom rett inn i prosjektet utan erfaring frå soknerådsarbeid eller som leiar for ein slik organisasjon. Men han har lært mykje desse åra. Med ein far som er prest i Meland er han godt van med kyrkjelivet.

Tru på kyrkja

– Det bur mange kristne i og nær Knarvik. Nokre er aktive i frikyrkjer i nærområdet og i Bergen. Mitt mål er å samle fleire om kyrkja i Knarvik. Ei særleg utfordring vert det å få med unge tenåringar og unge vaksne, seier Øystein.

Han veit at det er vanskeleg å samle folk. Likevel har han tru på kyrkja. Kyrkjelyden har alt tilsett fire medarbeidarar i ulike stillingar som skal hjelpe til å gje trusopplæring til born og unge. Dørstokken inn til kyrkja skal vere lav. Den første veka i desember skal det skje noko i kyrkja kvar einaste dag. Tanken er at mange skal sjå og oppleve kyrkja og få lyst til å kome attende. 74 millionar kroner har Lindås kommune gitt til sjølve kyrkjebygget. Soknerådet og byggkomiteen har jobba aktivt for å halde budsjettet. Trond Mohn har gitt fem millionar kroner til nytt orgel. No går kyrkjelyden i gang med å samle inn pengar til stolar og inventar. 6,1 millionar kroner kostar det å innreie underetasjen.

Beste tomta
– Det har vore mykje diskusjon om kor kyrkja skulle plasserast. Nokre ville ha ho nærare kyrkjegarden. Ein sa det slik: Vi skal ha ei kyrkje blant dei levande. Det får vi no, tett på senteret og tett ved idrettshallen, på den beste tomta i Knarvik, seier Øystein Aamli.
Han bur sjølv like i nærleiken og synes kyrkja glir godt inn i landskapet. Kanskje vert ho som ei sjømannskyrkje når ho vert teken i bruk. Vel er det krevjande å stå midt oppe i arbeidet med denne kyrkja. Men gledene er større enn vanskane.
– Eg merker engasjementet. Nokre har jobba med dette i 20 år og brukt mykje tid på å få ei kyrkje her. Folk i området gler seg og snakkar om kyrkja. Eg trur dette skal verte veldig kjekt, seier Øystein Aamli.