Meir om kyrkjevalet

9. september er det val på sokneråd og bispedømeråd. Det er gjort vedtak om samanslåing av sokna Alversund, Seim og Lygra. Det nye soknet får namnet Knarvik sokn.

Førehandsrøysting i perioden 12. august – 6. september:

  • Knarvik kyrkjekontor – kvar onsdag kl. 12-14 og torsdag 22. og 29. august kl. 16-18.
  • Etter gudstenesta i Seim kyrkje søndag 11. august kl. 11.
  • Etter gudstenesta i Knarvik kyrkje søndag 18. august kl. 11.
  • Det vert også førehandsrøysting på Knarvik sjukeheim i samband med andakt 4. september kl. 10.30.

Frist for førehandsrøysting i anna sokn enn der ein bur, er 2. september.

Røysterett ved kyrkjevalet har medlemmar av Den norske kyrkja som fyller 15 år innan utgangen av 2019 og som er folkeregisterført i soknet pr. 30. juni. Du kan sjekke om du er medlem ved å logge inn via www.kyrkja.no eller du kan kontakte kyrkjekontoret.

Vallistene til soknerådsvalet og bispedømerådsvalet finn du på www.kyrkjevalet.no. Der finn du også meir informasjon om kyrkjevalet.