Påmelding til dåp

Viss de ønskjer dåp i Alversund, Knarvik, Seim eller Lygra kyrkje, kan de melde dåp her på heimesida.

I skjemaet kan de velje sokn, kyrkje og dato for dåp. Knarvik kyrkje høyrer til Alversund sokn. Det er berre dei gudstenestene der det er mogeleg å ha dåp som kjem opp på lista.

Viss de ønskjer dåp i ei anna kyrkje, må de ta kontakt pr. telefon eller e-post.

Fyll ut informasjon om barn og foreldre. Viss de ikkje har fått personnummer til barnet, kan de legge inn personnummer til ein av foreldra og endre det seinare.

Viss det er bestemt kven som skal vere fadrar, kan de legge dei inn.

Det er ikkje nødvendig å registrere all informasjon med ein gong. De kan logge inn seinare og fylle ut resten. Men de må legge inn personnummer til barn og minst ein av foreldra for at påmeldinga skal verte godkjend. De må også fylle ut telefonnummer og/eller e-postadresse slik at vi kan ta kontakt.

Når påmeldinga er sendt inn, får de ein automatisk e-post som stadfesting. I tillegg sender vi e-post eller SMS så snart vi kan. Til dei som bur i Alversund, Seim og Lygra sender vi informasjonsbrosjyre i posten.

Før dåpen skal de ha samtale med presten. Det skjer ofte i veka før dåpen. Presten tek kontakt og avtalar tidspunkt.

Viss de får problem med påmeldinga, kan de bestille dåp pr. telefon eller e-post.

PÅMELDING TIL DÅP

***

Ønskjer de dåp i Ostereidet, Hjelmås eller Vike kyrkje, tar de kontakt med kontoret i Ostereidet, tlf. 56 35 72 30 / post.osterfjorden@kyrkja.no

Ønskjer de dåp i Lindås, Myking eller Hundvin kyrkje, tar de kontakt med kontoret på Lindås, tlf. 56 36 95 30 / post.lindas@kyrkja.no