Julekonsertar 2017

Her finn du oversikt over julekonsertane dei to siste vekne før jul i Knarvik kyrkje. Sjå også kalendaren for eventuell utfyllande info.

KNARVIK KYRKJE

Onsdag 13. desember kl. 19.00

Juleklang. Konsert med Nordhordland folkehøyskole og Åsane folkehøyskole. Billett 100 kr ved inngang. Dørene opnar kl. 18.30.

Torsdag 14. desember kl. 18.30

Julekonsert med Knarvik skulekorps. Korps, juniorar og aspirantar tek del. Gratis!

Fredag 15. desember kl. 19.30

Avisa Nordhordland og Eikanger-Bjørsvik sin julekonsert. Dirigent for Eikanger-Bjørsvik er Reid Gilje, og gjestar på konserten er Seim Songkor med sin dirigent Tove Annette Holter. Gratis!

Søndag 17. desember

AVLYST – Julekonsert med Lambach og Lund

Tysdag 19. desember kl. 19.00

Konsert med Lindås kulturskule.

Laurdag 23. desember kl. 22.00

Litlejulaftakonsert «Kvelden før kvelden» med Kjersti Wiik, Jaemie Walde, Trygve Hellesen, Oddmund Solheim, Maria Eikefet, Rebekka Eikefet m.fl. Billett ved inngang eller post@kjerstiwiik.no  Vaksne: 250 kr, familie 600 kr.

Vi tek også med julekonsertane i dei andre kyrkjene i sokna våre:

ALVERSUND KYRKJE

Laurdag 16. desember kl. 19.30

Julekonsert med Hanne Vatnøy & musikalske vener: May Sissel Rismyhr Jansen og Ove I. B. Danielsen m.fl. Billettar ved inngangen: kr. 250/ 150 eller ticketmaster.no

SEIM KYRKJE

Laurdag 23. desember kl. 22.00

Julenatt med Seim Songkor. Årets gjestar er Frode Skag Storheim, piano/orgel og Viljar Bjørsvik Rath, trompet. Billettar 200 kr. Førehandssal via kormedlemmer eller Seim songkor på Facebook.