Ei folkegåve!

Som dykk kanskje har lagt merke til presenterar vi her på heimesida nokre utvalde som skal gje deg gode grunnar til å vere med og støtta Knarvik kyrkje, og då særskild til å skaffa siteplassar. I dag er det Øystein Aamli som ynskjer å gje deg ein god grunn!

Eg har tru på den nye kyrkja i Knarvik og tru på dei nye stolane. Dette er eit spanande prosjekt, seier Øystein Aamli, leiar i Alversund sokneråd.

Han vei at mange har bedt om å få støtte kyrkja på eit eller anna vis. Å gje ein stol kan vere ein god måte å gjere det på. Han vonar stolane kan vere ei folkegåve til den nye kyrkja.

Eg synes den nye stolen er ein fin stol og god å sitje i, seier Øystein.

Gåver til stolaksjonen kan sendas til kontonummer 3632.50.10635

Anbefaling frå ein fysioterapeut!

Gode stolar!

– Dei nye stolane kyrkja får, er gode og enkle. Dei gjev god støtte i ryggen og samstundes støtte for beina. Ryggstøet gjev etter og gjev rom for god blodsirkulasjon, seier fysioterapeut Odrunn Bowling.

Ho var sjølv spent då ho testa stolen. Ho like han godt. Den harmonerer med kyrkja. Difor vonar ho folk vil gje pengar og hjelpe kyrkjelyden til å skaffe seg desse stolane.

– Eg trur folk vil sjå at denne kyrkja vil få stor verdi. Den tilfører bygdebyen Knarvik noko, seier Odrunn Bowling.

Den nye kyrkja treng som nemd tidlegare 430 A-stolar og 100 B-stolar. Når underetasjen er klar, vert det bruk for 250 B-stolar til. A-stolane får eit eige mjukt setetrekk. Kvar A-stol kostar 2200 kroner. Det er høve til å gje ein stol, ein halv stol, ein kvart eller nokre hundrelappar.

Gåver til stolaksjonen kan sendas til konto nummer 3632.50.10635, Alversund sokn, Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund. Eigen giro for stolaksjonen finn du her. Då vil ein også få skattefritak

 

Jublar for ny kyrkje

Øystein Aamli smilar når han ser opp mot Knarvik kyrkje. Han trur det nye landemerke i Nordhordland vil gje kyrkja ein heilt ny sjanse til å få kontakt med born, unge og vaksne.

– Det er fantastisk spanande å leie soknerådet i ei tid der vi skal få ta i bruk eit heilt nytt kyrkjebygg. Eg merker at bygget gjer folk i området nysgjerrig. Sjølv brenn eg for born og unge og for å skape ein levande kyrkjelyd, seier Øystein Aamli.

Den 28 år gamle ungdomsskulelæraren har vore leiar for Alversund sokneråd i tre år. Han vart vald inn ved siste val og kom rett inn i prosjektet utan erfaring frå soknerådsarbeid eller som leiar for ein slik organisasjon. Men han har lært mykje desse åra. Med ein far som er prest i Meland er han godt van med kyrkjelivet.

Tru på kyrkja

– Det bur mange kristne i og nær Knarvik. Nokre er aktive i frikyrkjer i nærområdet og i Bergen. Mitt mål er å samle fleire om kyrkja i Knarvik. Ei særleg utfordring vert det å få med unge tenåringar og unge vaksne, seier Øystein.

Han veit at det er vanskeleg å samle folk. Likevel har han tru på kyrkja. Kyrkjelyden har alt tilsett fire medarbeidarar i ulike stillingar som skal hjelpe til å gje trusopplæring til born og unge. Dørstokken inn til kyrkja skal vere lav. Den første veka i desember skal det skje noko i kyrkja kvar einaste dag. Tanken er at mange skal sjå og oppleve kyrkja og få lyst til å kome attende. 74 millionar kroner har Lindås kommune gitt til sjølve kyrkjebygget. Soknerådet og byggkomiteen har jobba aktivt for å halde budsjettet. Trond Mohn har gitt fem millionar kroner til nytt orgel. No går kyrkjelyden i gang med å samle inn pengar til stolar og inventar. 6,1 millionar kroner kostar det å innreie underetasjen.

Beste tomta
– Det har vore mykje diskusjon om kor kyrkja skulle plasserast. Nokre ville ha ho nærare kyrkjegarden. Ein sa det slik: Vi skal ha ei kyrkje blant dei levande. Det får vi no, tett på senteret og tett ved idrettshallen, på den beste tomta i Knarvik, seier Øystein Aamli.
Han bur sjølv like i nærleiken og synes kyrkja glir godt inn i landskapet. Kanskje vert ho som ei sjømannskyrkje når ho vert teken i bruk. Vel er det krevjande å stå midt oppe i arbeidet med denne kyrkja. Men gledene er større enn vanskane.
– Eg merker engasjementet. Nokre har jobba med dette i 20 år og brukt mykje tid på å få ei kyrkje her. Folk i området gler seg og snakkar om kyrkja. Eg trur dette skal verte veldig kjekt, seier Øystein Aamli.

Kvifor er kyrkja plassert så langt frå gravplassen?

I samband med den nye kyrkja i Knarvik kjem det stadig spørsmål om mellom anna plassering, pengar og praktiske ting som kor ofte det vert gudsteneste og liknande. Me skal forsøkja å svara så godt me kan på det me får inn.

Kvifor er kyrkja plassert så langt frå gravplassen?
Gravplassen er for alle, uansett om dei tilhøyrer Den norske kyrkja, eit anna trussamfunn, ein annan religion, eller ingen religion i det heile. Gravferder kan haldast frå kyrkja, og det vert ikkje ein så lang veg å gå for fylgje, men me må ikkje gløyma at kyrkja er mest til bruk for dei levande og aktivitetar for alle. Med det i tankane så er plasseringa hensiktsmessig.

Knarvik kyrkjegård

Vil du kjøpa lodd?

I fyrste nummer av kyrkjekontakten ynskjer Alversund sokneråd å takke så mykje for den innsatsen som så langt er gjort for å samle inn pengar til Knarvik kyrkje. Det ynskjer me i PR- og infogruppa óg, så me siterar likegodt fritt det som vart skrive i kyrkjekontakten:

Mange har gjort flott dugnadinnsats både under Kyrkjelunsjen 9. november og på bruktmarknad/auksjon 1. februar. Takk til Meny som sponsa oss med mat til lunsjen og Europris som sponsa med utstyret til borddekking. Det neste på programmet er Kyrkjemessa i Nordhordlandshallen laurdag 26. april. Vi har fått mange tilbakemeldingar om at folk hadde ein triveleg ettermiddag på messa i fjor. Det er all grunn til å tru at det same blir tilfellet i år. Ta med familie og venner og kos deg med heimelaga mat, song og musikk, åresal med flotte gevinstar og trekning av hovudlotteriet. Set av denne laurdagen 🙂

Soknerådet vil alt no takka privatpersonar, bedrifter og butikkar i Knarvik Senter og elles i Knarvik og Alversund for stor velvilje når vi har spurt etter gevinstar til åresal og hovudlotteri. Takk også til alle som deltek med dugnadinnsats av ymse slag i samband med messa.

Det manglar store summar før kyrkja kan takast skikkeleg i bruk. Du er med på å bestemme
kor raskt dette kan skje. Vi minner om ulike måtar ein kan gi økonomisk støtte til kyrkja.
Meld deg som fast gjevar. Alle gåver mellom kr. 500,- og kr. 16800,- gir skattefrådrag.

Du kan og kjøpa lodd til kyrkjemessa eller gje grasrotandelen når du tippar til Knarvik KFUK-KFUM speidarane. Det som kjem inn her går til barne- og ungdomsarbeid i kyrkja.

PS: Seinare kjem ein eigen aksjon der du kan betale for stol/stolar i kyrkja og i november kjem boka» Knarvik – bygda og kyrkja» ut. Følg med, følg med!