DU KAN VERA MED Å BYGGJE KNARVIK KYRKJE

-DRAUMEN OM EI KYRKJE I KNARVIK ER IFERD MED Å BLI RØYNDOM-

Ei 7-dagars arbeidskyrkje med rom for alle – der ein kan møta Gud og kvarandre – både i helg og kvardag, i glede og sorg, til høgtid og andre samlingar med aktivitetar for alle aldersgrupper.

Alversund sokneråd har ansvar for givartenesta til soknet. Midlane vil bli brukt til ymse oppgåver i kyrkjelydsarbeidet. For tida ser soknerådet ei stor oppgåve i å ferdigstilla underetasjen i kyrkja, særleg med tanke på born og unge sine aktivitetar.

Ei kraftinnsats må til for at vi skal klare å nå dette målet. Ulike arrangement er planlagte for å samla inn pengar, men DU kan og vera med å realisera målet ved å bli fast givar.

Ver med på laget du og – meld deg som fast givar i dag! Hjelp oss til å sjå barometeret auke – gje gjerne ei utfordring til ein du trur har lyst til å vera med på laget ilag med oss, LA OSS BYGGJA KYRKJA SAMAN!

Meir informasjon finn du under vedlagte svarkupong (sjå på GIVARTENESTE).

Alversund sokneråd takkar for støtta!

Ein stor milepel!

Grunnsteinsnedlegging i den nye kyrkja!

Grunnsteinsnedlegging Foto: Nordhordland

DRAUMEN ER I FERD MED Å BLI VERKELEGHEIT sa Astrid Aarhus Byrknes
Ein gledeleg dag, 15. september 2013, då grunnsteinen vart nedlagt i det som skal bli Knarvik kyrkje. Det var eit høgtideleg sus over denne historiske markeringa. Helge Tangen, leiar av byggjekomiteen, leda kyrkejlyden i prosesjon frå Misjonshuset og opp til nye-kyrkja, der klokka ringte inn til den aller fyrste gudstenesta i det som skal bli eit signalbygg for Knarvik-bygda.
Skulemusikken spela, og Alversund kammerkor song under gudstenesta. Biskop Halvor Nordhaug seier i sin tale at dette er ein festdag for oss alle – i dette monumentet, bygd i sjølve indrefileten i Knarvik! Born frå Singsingeling var til god hjelp då grunnsteinen skulle støypast ned – stor stas!
Soknerådsleiar, Øystein Aamli, avslutta gudstenesta med eit ynskje om at den nye kyrkjelyden skal nå ut med breidde til fleste mogeleg.

Under kyrkjekaffien i Nordhordlandshallen, fekk dei mange frammøtte høyra Gospelkoret synga, og det kom mange flotte ord frå talarstolen. Ordførar Byrknes kom med den store gledelege meldinga om at Trond Mohn ynskjer å finansiera orgelet i kyrkja!

Alversund sokneråd ynskjer å takka alle som har deltatt på kvar sin måte – DU betyr mykje for fellesskapen og for soknet.

Grunnsteinsnedlegging