«Kom innom» kvar onsdag

Kvar onsdag ettermiddag frå desember vert det servert kaffi og vaflar i Knarvik kyrkje. Tanken er at folk skal få sjå kyrkja og koma innom for å slå av ein prat.

– Det skal vera like lett å stikke innom den nye kyrkja som der er å vitja ei sjømannskyrkje i utlandet. Her skal alle kjenne seg heime, seier Harald Osland Øvretveit.

Han er ein av initiativtakarane til tiltaket som vert kalla «Kom innom». Saman med seg har han ein dugnadsgjeng som skal byte på å koke kaffi og steike vaflar i kyrkja. Både vaflane og kaffien vert selt særs rimeleg.

– Den nye kyrkja er eit mektig bygg. Det er jo fantastisk berre å sjå bygget og vere her, seier Arild Stangeland, ein av dei andre vaffelsteikarane.

Så snart kyrkja vert vigsla 1. sundag i advent, 3o. november, er han og dei andre på plass i kyrkja mellom klokka 17.30 og 19.30 kvar onsdag.

Det vert ikkje nokon andakt eller program desse dagane. Her skal folk få stikke innom og slå av ein prat. Kyrkja skal rett og slett vere ein sosial møteplass i Knarvik.

Dette skjer altså samstundes med Knøttekoret!

På bilete såg du: Venke Fyllingsnes, til venstre, Lars Inge Kjemphol, Sissel Fyllingsnes, Jan Fyllingsnes, Harald Osland Øvretveit, Arild Stangeland, Jannicke Krüger og Kirsten Tangen er mellom dei som vil ordne kaffi og vaflar.

Enestående i Norge

Knarvik kirke er den eneste nye kirken som tas i bruk i år. Det gjør vigslingen 30. november ganske enestående i Norge. Neste år tas fire nye kirker i bruk.

– Jeg kommer ikke på noen annen ny kirke som er tatt i bruk her i landet i år. Derfor er vigslingsgudstjenesten i Lindås kommune 30. november ganske spesiell, sier seniorrådgiver for kirkebygg Ove Morten Berge.

Han er ansatt i Kirkerådet og har kontor knyttet til Stavanger bispedømme. Det er hans oppgave å følge opp alle nye kirker tilknyttet Den norske kirke som bygges her i landet.

– Jeg gleder meg til innvielsen av Knarvik kirke. Kirken ligger fantastisk til og vises godt igjen i området, sier Ove Morten Berge.

Han var selv med i juryen for arkitektkonkurransen knyttet til Knarvik kirke og er godt fornøyd med løsningen som ble valgt. Nå ser han frem til å se bygget ferdig innvendig.

– Hvor mange nye kirker vigsles hvert år i Norge?

– Det varierer fra år til år, men i gjennomsnitt er det vel vigslet én i året de siste 20 år.

– Hvor mange nye kirker vigsles neste år?

– Til våren vigsles Våler kirke og Ålgård kirke. Så følger Stjørdal kirke. I tillegg blir Son kirke i Østfold tatt i bruk neste år.

– Hvorfor bygges det få nye kirker?

– Det er en trend i retning av færre nye kirker. Bare i helt nye boligstrøk er det nå planer om nye kirker. I Sverige er det bygd svært få nye kirker de siste år, mens det i Danmark bygges noen. Det vi imidlertid ser, er at det blir ny aktivitet i menigheter som får nye kirker, sier Ove Morten Berge.

Alterutstyret er forma for hand

Det er keramikar Liv Ingunn Sundal som har fått oppdraget med å laga alterutstyret til den nye kyrkja. Liv Ingunn har fire års utdanning ved Danmarks Designskole. Tinga hennar vert laga i handdreia porselen. Ho har lang erfaring i faget og har delteke på mange utstillingar både i inn- og utland.

Vi møter henne i verkstaden hennar i Knarvik. Her er ho midt i prosessen med å prøva ut former og fargar til lysestakar, vaser, kanner, døypefat, kalk og disk. Nokre få ting er ferdig brend og har fått farge på. Andre ting står til tørking.

– Det er ein langsam og møysommeleg prosess før alt er ferdig, og mykje uventa kan skje undervegs, seier Liv. Ho legg til at det er ei stor utfordring å få eit slikt oppdrag. Her er mykje som er bunde av mål, fargar og bruksområde og det skal passa inn i ei moderne kyrkje. Men hennar eige formspråk vil sjølvsagt prega arbeida. Vi gler oss til alt står ferdig på alteret på vigslingsdagen 30. november.

På nettstaden hennar kan du sjå noko av det ho har laga

Tekst: Ingvild Skår

Vi startar opp knøttekor i kyrkja!

knøttekoret

Januar 2015 vil vi starta opp KNØTTEKORET i Knarvik kyrkje.
Dette er eit kor for førskuleborn, 3-6 år.
Vi vil ha øvingar kvar onsdag 17.30-18.15.
Vi vil synge masse, bevege oss, spele på rytmeinstrument og lese ei forteljing frå Bibelen.
Foreldre, besteforeldre eller andre som er med kan høyre på, og/eller få seg ein vaffel og kaffi ute i kyrkjetorget medan dei ventar. Dette skjer altså samstundes med «Kom innom».

Her er det berre å ta med seg barn, barnebarn, tantebarn eller nabobarn og komme i Knarvik kyrkje. KNØTTEKORET er gøy!

knøtt                  kor

Kom innom og få ein vaffel!

Kvar onsdag mellom 17:30 – 19:30 vil det vere mogeleg å komme innom kyrkja for ein kopp kaffi og vaflar. Dette vil skje etter at kyrkja er vigsla, men vi ynskjer å gjere oppmerksom på det allereie no.

Det vil ikkje vere noko program, vi ynskjer berre at du skal få setje deg ned, slappe av, smake på vaflane våre og drikke litt kaffi/saft. Kanskje du vil stikka oppom etter handleturen i senteret?

Vi ynskjer at du skal få sjå kyrkja, prate saman med nye og gamle venner.
Du kan komme innom i 2 minuttar, 10 minuttar eller 2 timar, det vel du sjølv 🙂

Alle er velkomen!

vaffel

276.000 kroner til nye stolar

Til no er det kome inn 276.000 kroner til stolar i Knarvik kyrkje.

– Då eig vi 125 av stolane som er bestilt. Målet vårt er at alle dei 430 stolane i kyrkja skal vere betalt til opninga 30. november, seier Wenche Medaas, leiar for stolaksjonsgruppa i Alversund sokn.

Det avgjerande no, meiner ho, er at kvar og ein bestemmer seg for at dei vil støtte aksjonen, og så faktisk gjer ei aktiv handling i forhold til innbetaling. Ein kan velje å delta med det beløpet ein sjølv ønskjer, eller «stille til start i eliteklassen» og gje ein heil stol til 2200 kroner.

– Vi er godt i gang og har gjort unna 1. etappe. Eg opplever at det er kultur – både i Knarvik og elles i kommunen – for å setje seg store mål for så å nå dei. Viktigast av alt er at vi står saman om å nå målet om å eige stolane den 30.11.! seier Wenche.

I tillegg til innbetaling direkte til konto eller via avtalegiro med skattefrådrag, har aksjonsgruppa også lagt til rette for kontantbetaling. Dette kan gjerast ved at ein leverer beløpet i lukka konvolutt merka «stolaksjonen» hos Lindås kyrkjelege fellesråd i Lonsvegen, eller på ei gudsteneste i Alversund eller Knarvik misjonshus.

– Eg er takksam for alt vi får inn, seier Wenche Medaas, som gler seg til å sjå stolane på plass i kyrkja. Frå dag ein vil mange besøke kyrkja, så denne gåva vil alle ha glede og nytte av, seier Wenche Medaas.

Minner om at gåver til stolaksjonen kan sendast til kontonummer 36325010635.

Einige om kyrkja på kjøkkenet

Fleire og fleire aner at Knarvik kyrkje er eit bygg reist for framtida. Men få veit at avtalen om å byggje kyrkja vart teke på eit kjøkken.

– Arbeiderpartiet styrte Lindås kommune. Vi kunne ikkje ta oss til rette på rådhuset.  Derfor valde Nils Træland frå Høgre, Bjarte Vatnøy frå Fremskrittspartiet og eg frå Kristeleg Folkeparti å sitje heime på kjøkkenet til Bjarte å forhandle om en samarbeidsavtale i 2007. Bjarte hadde små barn, mens vi hadde store born og kunne forlate dei. Kjøkkenet var ein god arbeidsplass der og da, fortel Astrid Aarhus Byrknes.

Avtalen om å byggje kyrkje i Knarvik var eit av dei historiske punkta i avtalen som vart til på kjøkkenet.

– Vi sat med blanke ark og kunne tenkje nytt. Ingen kunne straffe oss, fortel Nils Træland.

Eit godt grep

Han hadde den politiske erfaringa. Astrid var heilt ny i politikken. Likevel foreslo han henne som ordførar fordi han så ein fordel i at ho var ny. Det var Bjarte samd i. Og det grepet er begge godt nøgde med den dag i dag.

– Nils og Astrid er veldig fleksible. Det var lett å forhandle og alle partia hadde det som ein post i programmet at det skulle byggjast kyrkje i Knarvik, fortel Bjarte Vatnøy.

Det var ein stor fordel. Og i samarbeidsavtalen vart det også understreka at kyrkja skulle byggjast sentralt i Knarvik. Men kva som er sentralt, var det mykje diskusjon om i gruppene. Nils tok tak i dette og var ein pådrivar for at kyrkja skulle reisast der ho no ligg. Også biskop Halvor Nordhaug vart kopla inn om plassering av kyrkja der den ligg i dag.

Regionsenter

I 1964 vedtok Stortinget at Knarvik skulle vere et regionsenter i Nordhordland. Knarvik har vekse tiår for tiår. Med ein katedral på plass, er ein nærare målet om regionsenter.

– Kyrkja skal ikkje berre stå i nokre tiår, men i fleire hundre år. Kyrkja skin der ho no står og vil skina endå meir. Plassen er sentral både for notida og framtida. Eg trur vi trefte blink! seier Nils Træland.

Det høyrer og med til historia at Lindås hadde godt med pengar da dei tre partia danna ein koalisjon. 70 millionar kroner vart sett av til kyrkje. Men då det første anbodet var på 94 millionar kroner, sa politikarane stopp. 70 millionar kroner var nok.

Dei tenkte samstundes langsiktig. I dag er Alversund kyrkje for liten ved store gravferder. Mange må stå ute. No får Lindås ei kyrkje som er stor nok. Kyrkja vert og eit kulturhus.

– Den nye kyrkja tar seg godt ut og vil løfte regionen. Utfordringa framover vert å fylla ho med liv. Eg trur Lindås kyrkje vert ei arbeidskyrkje der det er høgt under taket, seier Astrid Aarhus Byrknes.

– Vi ante nok ikkje rekkevidda den gongen vi utarbeidet samarbeidsavtalen heime på kjøkkenet mitt. Vi har fått noko meir enn ei kyrkje, eit bygg som vil stå seg i fleire hundre år, seier Bjarte Vatnøy.

Han var sjølv vara i Lindås kyrkjelege fellesråd, samt leiar av gruppa for innsamling av eksternmidlar, og roser det arbeidet Ivar Eidsheim som leiar for rådet og Åge Paulsen som  kyrkjeverge gjorde. Gjennom ein studietur fekk dei sjå ulike nye kyrkjer og ana betre kva ei ny kyrkje kunne få å seie for Lindås.

Kulturkyrkje

– Lindås har to brassband i verdsklasse og fleire skulekorps som hevdar seg høgt. No får også dei og kora ei ny arena å syne seg fram i. Eg trur kyrkja vert ein arena for store kulturopplevingar, seier Nils Træland som gler seg over at ein barneborn er i det første kullet som skal konfirmerast i kyrkja.

Astrid er særs glad for at Trond Mohn har gjeve ei gåve på fem millionar kroner for eit nytt orgel til kyrkja. Ho ser fram til konsert med fleire dyktige organistar.

– Kva for von har dykk for Knarvik kyrkje i framtida?

– Eg trur kyrkja vil gi folk håp og vere ein trygg plass for folk som treng det. Kyrkja følger oss i lukke og sorg. Den er der i alle dei viktige fasane i livet, seier Bjarte Vatnøy.

– Mi von er at kyrkja vert ein viktig stad for born og unge. Vi har brukt mykje pengar på kyrkja. Pengar som kjem born og unge til gode i framtida, seier Nils Træland.

– Ingen ting vil glede meg meir enn at kyrkja vert fylt med folk. Vi får ein sentral møteplass for heile regionen, seier Astrid Aarhus Byrknes.

Uten ildsjelene hadde det gått dårlig

Uten ildsjelene hadde det gått dårlig med Norge. Dugnader er vårt varemerke. Men noe dugnadsarbeid er mer krevende enn folk aner.
– Arbeidet med å lede byggenemden for Knarvik kirke er 20 ganger mer omfattende enn jeg først trodde. Det er enormt krevende, men også enormt interessant, sier Helge Tangen.
Han kommer syklende til kirken, jubler over det vakre bygget han ser, der flere og flere detaljer kommer på plass. Oppriktig gleder han seg til innvielsen 1. søndag i advent og har alt begynt å ønske folk «God jul».
– Det er spennende å få være sentral i et så historisk bygg. Det vil bety noe i livet til svært mange i området og bli en viktig del av kulturmiljøet i Lindås, tror Helge Tangen.
Han er født inn i en kultur der Gud var en del av hverdagen. Kirken lå 200 meter unna barndomshjemmet på Fedje, bedehuset 300 meter.

Min rolle
– Kirken var formell og organisasjonene spirituelle, men kirken og indremisjonen var likevel hånd i hanske. De samme menneskene gikk begge steder. Min mor var renholder i kirken. Kanskje er det medvirkende til at min rolle mer har vært vaktmesteren enn forkynneren i kirke og bedehus, forteller Helge Tangen.
Kirken og bedehuset ble ankerfester i livet. Han utdannet seg til lærer i kunst og håndverk, giftet seg med Kirsten som er lærer i samme kreative fag og fikk førstejobb på Linderud skole i Oslo.
– Da vi ville flytte vestover uten å ha fått noen garanti om jobb, sa rektor: Tangen, du gambler med ditt liv! Men alt ordnet seg. Kona mi fikk først en stilling på Fedje. Jeg ble sløydlærer i Alversund. Og i 1978 var vi på plass i en lærerbolig i Knarvik begge to, forteller Helge.
Det var en pinsemenighet på Knarvik, men kirken og bedehuset var noen kilometer unna. Det innrømmer han var en underlig opplevelse. I den tiden samarbeidet tre organisasjoner om å reise en barnehage, den ene organisasjonen også et misjonsbygg. Helge kom med i dugnadsarbeidet og misjonshuset ble benyttet som interimkirke.

De første tanker
En ny prest ble ansatt og tanken om en egen kirke i Knarvik kom opp. Et kapell var en del av områdeplanen for Knarvik, men det var nærmest snakk om et gravkapell i tilknytning til en ny gravplass og kirken skulle for all del ikke konkurrere med kirken i Alversund i størrelse.
– Sokneprest Åge Palmesen og jeg ble med i en arbeidsgruppe nedsatt av soknerådet og inspirerte hverandre. I vår engasjerte naivitet hadde vi stand i Knarvik senter og begynte å samle inn penger til kirke. Vi fikk en testamentarisk gave på 100.000 kroner og tenkte alvorlig på hvordan vi kunne forvalte den så den vokste til kirkekapital, sier Helge Tangen.
Betatt av den nye kirken i Norheimsund, engasjerte de Peder Ristesund som arkitekt. Han tegnet en flott steinkirke med inngang gjennom et firkantet tårn. 27 millioner kroner ville den koste i 1993. Det var mye snakk om hvor kirken skulle ligge. Daværende biskop Per Lønning fremhevet at kirken skulle være blant de levende, ikke blant de døde, nær gravplassen.

Ny koalisjon
– Jeg engasjerte meg politisk, ble valgt inn i kommunestyret og flagget at Knarvik måtte få en kirke. Men flertallet bestemte at det først måtte anlegges en gravplass. Da gikk luften ut av ballongen, forteller Helge Tangen.
I 2007 ble en ny koalisjon skapt i Lindås. En del av det politiske programmet Kristelige Folkeparti og Fremskrittspartiet, støttet av Venstre, forhandlet frem, var at det skulle bygges ny kirke. En ny kirkeverge ble ansatt og han ble bedt om særlig å ha fokus på et nytt kirkebygg.
– Lindås kirkelige fellesråd satte ned en plan- og prosjektgruppe. En arkitektkonkurranse ble utlyst. Jeg ble bedt om å lede juryen og i neste omgang byggenemden. For å unngå å komme i skvis mellom disse vervene og arbeidet i skolen, valgte jeg, i samråd med min familie, å ta ut alderspensjon. Uten min kone Kirstens fulle støtte, hadde dette aldri gått, forteller Helge.

Lært mye
Selv har han lært ufattelig mye av å delta i arbeidet med å reise kirken. Han samarbeider med så dyktige fagfolk og verdsetter høyt arkitekt, entreprenører, byggeleder, rådgivere og håndverkere. En gang i måneden leder han byggekomiteens møte.
– Dere fikk en ekstra utfordring da Waldegruppen gikk konkurs?
– Jeg satt i møte med vår rådgiver i Rambøl i Bergen da jeg fikk en telefon fra kona som hadde sett noe på nettet. Konkursen kom som lyn fra klar himmel. Vår mann hos Rambøl, kirkevergen og advokatene gjorde en kjempejobb i dagene som fulgte. Etter bare en ukes byggestopp var arbeidet i gang igjen. Flere av konsulentene og håndverkerne fulgte oss videre, forteller Helge. Økonomisk påførte ikke konkursen kirkebygget tap, men det viste seg at det ville ta en måned ekstra å få alle byggdetaljene på plass. Det var det rom for. Alt som var planlagt, vil stå klappet og klart når kirken innvies 1. søndag i advent.

Større betydning
Det er alle de små avgjørelsene innimellom alt som opptar Helge Tangens hode. Nylig våknet han og tenkte på hvordan stolene skulle plasseres. Den første skissen gikk ikke. Rømningsveier må også sikres. Rekker forresten arkitekten å tegne et prosesjonskors og hyller til salmebøkene i helgen? Og nå må kona etter hvert få hjelp med klesvaskemaskinen. Hele tiden må små ting gjøres om av hensyn til økonomien i prosjektet.
– Hva har arbeidet gitt deg?
– Jeg har fått innblikk i store, komplekse prosesser. Det er som om tog kommer og tog går med ulike varer og ting som vi må ta stilling til. Flere beslutninger er ikke reversible. Ikke alltid ser vi konsekvensene, men tror det går bra. Kirken er et spesialdesignet bygg det ikke finnes makten til. Jeg kjenner alt den gode opplevelsen av å komme inn i kirken. Dessuten vet jeg mye om det store engasjementet kirkebygget har utløst både i Knarvik og Lindås kommune. Dette bygget vil få større betydning enn vi nå ser, sier Helge Tangen.