Glimt frå Bibelmaraton

Godt og vel hundre lesarar hadde lese dag og natt i nesten fire døgn fram til siste kapittel vart lese under festgudstenesta i ei fullsett Knarvik kyrkje søndag 20. november. Her er nokre glimt frå Bibelmaratonen.

Frå venstre: Geir Sørebø, Eilif Løtveit, Øyvind Oddekalv, Kari E. Bruvik, Kjetil Iden, Astrid Aarhus Byrknes og Maria Fosse Romarheim las kvar sin dag frå skapinga i 1 Mosebok under opninga av Bibelmaraton 16. november.
Frå venstre: Geir Sørebø, Eilif Løtveit, Øyvind Oddekalv, Kari E. Bruvik, Kjetil Iden, Astrid Aarhus Byrknes og Maria Fosse Romarheim las kvar sin dag frå skapinga i 1 Mosebok under opninga av Bibelmaratonen.

Hald fram å lesa Glimt frå Bibelmaraton

Konfirmant 2017?

konfirmant%2017

Vi ønskjer alle som er fødd i 2002 velkommen til konfirmasjon i kyrkja våren 2017. Konfirmasjon i Knarvik kyrkje vil bli søndag 7. mai. Det er også mogleg å velga konfirmasjon i Alversund kyrkje 29. og 30. april. I Seim og Lygra er det konfirmasjon 14. mai.

I september er det presentasjonsgudsteneser. Undervisninga startar 2. og 3. oktober og det vil vera grupper som møtes i Knarvik kyrkje mandagar og tirsdagar framover.

Konfirmantleir på Sætervika i Samnanger 20.-22. januar 2017.

Påmelding til konfirmantåret skjer på www.konf2017.no