Konfirmant 2017?

konfirmant%2017

Vi ønskjer alle som er fødd i 2002 velkommen til konfirmasjon i kyrkja våren 2017. Konfirmasjon i Knarvik kyrkje vil bli søndag 7. mai. Det er også mogleg å velga konfirmasjon i Alversund kyrkje 29. og 30. april. I Seim og Lygra er det konfirmasjon 14. mai.

I september er det presentasjonsgudsteneser. Undervisninga startar 2. og 3. oktober og det vil vera grupper som møtes i Knarvik kyrkje mandagar og tirsdagar framover.

Konfirmantleir på Sætervika i Samnanger 20.-22. januar 2017.

Påmelding til konfirmantåret skjer på www.konf2017.no 

Kva gjer ein spesialprest?

Foto: Arthur Kleiveland, Nordhordland

Eg har fått spørsmålet mange gongar. Og eg har lurt på kva eg skal svara. Les vidare og eg skal fortelja om den første tida i ny stilling som spesialprest i Nordhordland.

Etter at flyttelasset kom frå Oslo og eg begynte i jobben i midten av april, har eg allereie hatt mange hyggelege møter. Først med staben eg deler kontor med i kyrkjelydshuset i Alversund og dei tilsette ved fellesrådskontoret i Lonsvegen. Saman med sokneprest Geir Øy har eg besøkt ungdomssatsinga Salto i Knarvik senter, vore på Trafikksikkerheitsdag for ungdom i og ved Knarvik kyrkje, og starta planlegginga av neste års konfirmantopplegg og gudstenestene framover. Eg har treft på engasjerte leiarar i barnekor og søndagsskule og møtt ein god gjeng frå sokneråda i Alversund, Seim og Lygra. Som spesialprest for barn, ungdom og unge vaksne i desse tre sokna er det mange og varierte arbeidsoppgåver i vente. Blant anna i kyrkjekjellaren i Knarvik som vi håpar skal stå klar til jul. Det blir stas! Her er det mykje spennande å sjå fram til.

– Når kyrkjekjellaren står klar blir det kanskje den viktigaste arbeidsplassen din, sa prost Geir Sørebø i si helsing på kyrkjekaffien etter innsetjingsgudstenesta i Knarvik kyrkje 24. april.

Eg er takknemleg for den gode velkomsten mange av dykk gav kona mi Stine Karin og meg under den gudstenesta som du lesa meir om i Strilen og Avisa Nordhordland  (abonnement)

I løpet av mai ser eg fram til å få halda gudstenester både i Seim, Lygra og Knarvik kyrkje med dåp og nattverd, konfirmasjon og 17.mai-feiring. Eg kjem også til å møta nokre av vårens brudepar.

Innimellom dette har eg tenkt å i alle fall få meg ein tur på Stadion og forhåpentlegvis sjå Brann vinna. Eg har også planar om å korta ned på stabelen med banankassar og mala vidare i huset i Knarvik før eg rekk å bli eit år eldre – som eg har for vane å bli på denne tida av året. Så, kom mai du skjønne milde. Eg er klar for å møta deg til kvardag og fest!

Og du, bli gjerne ven med «Spesialprest Torbjørn» på Facebook! Ser deg plutseleg i ei av kyrkjene våre!?

 

Spesialpresten er på plass!

Søndag 24. april var det velkomstgudsteneste for spesialprest Torbjørn Sæle. Prost Geir Sørebø ønska han velkomen og la til: «Vi har venta på deg». Torbjørn fekk også bli kjend med Shelly som fortalte kva dei skulle på søndagsskulen. Torbjørn skal ha eit særskild fokus på barn, ungdomar og unge vaksne i tida som kjem. Han vert å sjå på mange gudstenester fremover. Vonar at alle i kyrkjelyden tek vel i mot han og kona Stine Karin.

SONY DSC
Shelly fortel Torbjørn kva dei skal på søndagsskulen
Stine Karin, Geir og Torbjørn
Stine Karin, Geir og Torbjørn

Informasjonskveld om kyrkjekjellaren!

Alversund sokneråd  og byggekomiteen i Knarvik kyrkje inviterer til informasjonskveld  om sokkeletasjen i Knarvik kyrkje Mandag  14. mars  kl. 19!

  • Korleis vil sokkeletasjen bli sjåande ut?
  • Kor langt har planlegginga kome?
  • Kor mange dagar er det til første spikaren skal ståast inn?
  • Når kan ein rekne med å ta sokkeletasjen i bruk?
  • Korleis vert tilkomsten til sokkeletasjen?
  • Kva skal barnet «heite»?
  • Held økonomien i prosjektet?

Det blir vafler,kaffi  og god stemning i kyrkja!

Velkomen!