Påmelding til vigsel

Viss de ønskjer vigsel i Alversund, Knarvik, Seim eller Lygra kyrkje, kan de melde det her på heimesida. (Knarvik kyrkje høyrer til i Alversund sokn.)

Elektronisk påmelding skal ikkje brukast av dei som høyrer til andre kyrkjesamfunn og som har eigen vigselsmann. De kan søkje om å leige ei av kyrkjene til seremonien, ta kontakt pr. telefon eller e-post.

Ved påmelding skriv de ønskje om tid og stad i merknadsfeltet. Som regel eg det mogeleg å få vigsel den dagen de ønskjer. Når det gjeld klokkeslett, må det avtalast nærare når vi har oversikt over vigslene i heile området.

Når påmeldinga er sendt inn, får de ein automatisk e-post som stadfesting. Vi tek kontakt pr. e-post eller telefon så snart vi kan, og avtalar tid og stad for vigsel. 3-4 månader før vigselen sender vi informasjon og skjema i posten.

Viss de får problem med påmeldinga, kan de bestille vigsel pr. telefon eller e-post.

PÅMELDING TIL VIGSEL

Betaling:

Bruk av kyrkjene i Lindås er gratis når ein av brurefolka er medlem av Den norske kyrkja og er busett i fellesrådsområdet (Lindås kommune).

For andre er prisen kr. 5.000 for leige av kyrkje inklusive organist og kyrkjetenar.

Viss brureparet ikkje er medlem av Den norske kyrkja eller er busett utanfor prostiet, må ein også avklåre bruk av prest og betale bispedømet for bruk av denne. (Kr. 3.500 i 2019.)

Leigeprisane for Alver frå 2020 er ikkje fastsett.