Sjudagarskyrkja

Knarvik Senter si nettside står det eit flott intervju med Ole D. Hagesæther som vi óg ynskjer å visa fram. Intervjuet er sitert under.

«Ole D. Hagesæther gler seg til å feira neste julaftan i nye Knarvik kyrkje. I mellomtida er gamlebispen travelt oppteken med å skaffa pengar til det etterlengta bygget.

Skalet til nyekyrkja står klart og i desse dagar er til og med kyrkjeklokka komen på plass. Men først i advent neste år vil ho ringa inn til gudsteneste for fyrste gang.

– Eg har vore med og jobba med kyrkja sidan 90-talet. Då brukte eg all min biskopelege tyngde for å få henne plassert der ho no vert bygd. Kyrkja må ligge nær det yrande livet og vere ei sjudagerskyrkje, ikkje berre for søndagar, seier han.

Den travle pensjonisten er no leiar for finanskomiteen som arbeider med å skaffa pengar til ferdigstilling av kyrkja. Totalt trengs det 15 millionar kroner.
– Det er tøft å vite at vi ikkje blir ferdig med underetasjen / aktivitetsavdelinga samtidig med resten av bygget. Men vi set i gang så snart vi får ting klart, lovar han.

For tida arbeider han og komiteen med ein stolaksjon og pengar til inventar. Men det er ikkje berre kroner og øre som trengs. Også hjelpande hender er det bruk for.
– Dugnad er ein god ting. Vi treng alle typar menneske, ikkje minst dei som ikkje kan holde ei tale, men som kanskje kan male, svinge ein hammar eller steike vafler, seier han engasjert.
– Om nokon vil vere med, så kan dei ringe meg! Alle skal få lov til å hjelpe til, smiler han..»

Sjudagarskyrkja
Foto frå Knarvik Senter si nettside: http://www.knarviksenter.no/