Vil du kjøpa lodd?

I fyrste nummer av kyrkjekontakten ynskjer Alversund sokneråd å takke så mykje for den innsatsen som så langt er gjort for å samle inn pengar til Knarvik kyrkje. Det ynskjer me i PR- og infogruppa óg, så me siterar likegodt fritt det som vart skrive i kyrkjekontakten:

Mange har gjort flott dugnadinnsats både under Kyrkjelunsjen 9. november og på bruktmarknad/auksjon 1. februar. Takk til Meny som sponsa oss med mat til lunsjen og Europris som sponsa med utstyret til borddekking. Det neste på programmet er Kyrkjemessa i Nordhordlandshallen laurdag 26. april. Vi har fått mange tilbakemeldingar om at folk hadde ein triveleg ettermiddag på messa i fjor. Det er all grunn til å tru at det same blir tilfellet i år. Ta med familie og venner og kos deg med heimelaga mat, song og musikk, åresal med flotte gevinstar og trekning av hovudlotteriet. Set av denne laurdagen 🙂

Soknerådet vil alt no takka privatpersonar, bedrifter og butikkar i Knarvik Senter og elles i Knarvik og Alversund for stor velvilje når vi har spurt etter gevinstar til åresal og hovudlotteri. Takk også til alle som deltek med dugnadinnsats av ymse slag i samband med messa.

Det manglar store summar før kyrkja kan takast skikkeleg i bruk. Du er med på å bestemme
kor raskt dette kan skje. Vi minner om ulike måtar ein kan gi økonomisk støtte til kyrkja.
Meld deg som fast gjevar. Alle gåver mellom kr. 500,- og kr. 16800,- gir skattefrådrag.

Du kan og kjøpa lodd til kyrkjemessa eller gje grasrotandelen når du tippar til Knarvik KFUK-KFUM speidarane. Det som kjem inn her går til barne- og ungdomsarbeid i kyrkja.

PS: Seinare kjem ein eigen aksjon der du kan betale for stol/stolar i kyrkja og i november kjem boka» Knarvik – bygda og kyrkja» ut. Følg med, følg med!