Alterutstyret er forma for hand

Det er keramikar Liv Ingunn Sundal som har fått oppdraget med å laga alterutstyret til den nye kyrkja. Liv Ingunn har fire års utdanning ved Danmarks Designskole. Tinga hennar vert laga i handdreia porselen. Ho har lang erfaring i faget og har delteke på mange utstillingar både i inn- og utland.

Vi møter henne i verkstaden hennar i Knarvik. Her er ho midt i prosessen med å prøva ut former og fargar til lysestakar, vaser, kanner, døypefat, kalk og disk. Nokre få ting er ferdig brend og har fått farge på. Andre ting står til tørking.

– Det er ein langsam og møysommeleg prosess før alt er ferdig, og mykje uventa kan skje undervegs, seier Liv. Ho legg til at det er ei stor utfordring å få eit slikt oppdrag. Her er mykje som er bunde av mål, fargar og bruksområde og det skal passa inn i ei moderne kyrkje. Men hennar eige formspråk vil sjølvsagt prega arbeida. Vi gler oss til alt står ferdig på alteret på vigslingsdagen 30. november.

På nettstaden hennar kan du sjå noko av det ho har laga

Tekst: Ingvild Skår

Eit magisk rom

Det store gudstenesterommet inne i Knarvik kyrkje tek form. Å stå i rommet er ei magisk oppleving.

Dei trekvite borda på veggane er på plass. Det same er dei breie, store golvborda. Ein tømrar held på å få på plass dei fem centimeter tykke borda i veggane der orgelet skal stå.

No skal golvborda på plass på alteret, på høgd med ei scene. Og rommet skal ryddast. Pappen som i dag dekker golvet, skal bort.

Det er særleg vindauga som gjer rommet magisk. Dei høge vindauga har fått breie karmar langs sidene. Når kyrkja vert fylt med menneske, vil alle festa blikket på det store, runde vindauge over alteret.

Ein vert fylt av undring i dette rommet. Folk i Lindås, og heile Nordhordland, har ei stor oppleving å sjå fram til.

UTSYN: Her er store karmar rundt vindauga.
UTSYN: Her er store karmar rundt vindauga.

Tekst og foto: Tor Kristiansen

Ei folkegåve!

Som dykk kanskje har lagt merke til presenterar vi her på heimesida nokre utvalde som skal gje deg gode grunnar til å vere med og støtta Knarvik kyrkje, og då særskild til å skaffa siteplassar. I dag er det Øystein Aamli som ynskjer å gje deg ein god grunn!

Eg har tru på den nye kyrkja i Knarvik og tru på dei nye stolane. Dette er eit spanande prosjekt, seier Øystein Aamli, leiar i Alversund sokneråd.

Han vei at mange har bedt om å få støtte kyrkja på eit eller anna vis. Å gje ein stol kan vere ein god måte å gjere det på. Han vonar stolane kan vere ei folkegåve til den nye kyrkja.

Eg synes den nye stolen er ein fin stol og god å sitje i, seier Øystein.

Gåver til stolaksjonen kan sendas til kontonummer 3632.50.10635